Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Helsetenester

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Statsforvaltaren fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er ueinig i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga dit. Dersom du ikkje får medhald i klaga, blir ho send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Statsforvaltarens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta vil måtte rette seg etter det.

Du kan be Statsforvaltaren vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Statsforvaltaren kan også ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Det kan dreie seg om dei fleste plikter, blant anna manglande fagleg forsvarleg behandling og brot på teieplikta. Du ber om dette ved å sende brev til Statsforvaltaren. Ved særleg grove rettsbrot vil Statsforvaltaren sende saka vidare til Statens helsetilsyn, som blant anna kan gi åtvaring til helsepersonell eller gjere vedtak om tap av autorisasjon.

Det er viktig å understreke at Statsforvaltarens vurdering i desse sakene ikkje får direkte innverknad på rettane til klagaren. Sjølv om du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. I ei av lenkjene til høgre finn du meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Vis meir


17.02.2016

Rettleiar for saksbehandling ved tildeling av helse- og omsorgstenester i kommunane

Rettleiaren gir ei praktisk innføring i dei reglane som gjeld ved kommunal saksbehandling og tildeling av helse og omsorgstenester.


07.03.2013

Helse- og sosialmelding 2012

Fylkesmannen har som oppgåve å følgje med og melde frå til sentrale styresmakter om dei lokale tilhøva i fylket. Helse og sosialmeldinga for 2012  viser deler av det Fylkesmannen har sett gjennom tilsyn, klagesaker og anna kontakt med tenestene i løpet av året.

 

2012 var det første året i samhandlingsreforma. Intrykket er at reforma så langt stort sett har fungert etter planen. Avtalane mellom kommunar og helseføretaket er inngått som planlagt, og utskrivingsklare pasientar er tekne hand om i kommunane. Ein har ikkje sett fleire reinnleggingar i sjukehusa enn tidligare, og vi har motteke få klager.

Mykje godt kvalitetsarbeid blir gjort, likevel viser tilsyn i kommunar og føretak at det framleis er manglar i system, oppfølging og samhandling som skal sikre trygge tenester.