Helsetenester

Oppdatert 05.01.2024

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Statsforvaltaren fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er ueinig i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga dit. Dersom du ikkje får medhald i klaga, blir ho send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Statsforvaltarens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta vil måtte rette seg etter det.

Du kan be Statsforvaltaren vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Statsforvaltaren kan også ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Det kan dreie seg om dei fleste plikter, blant anna manglande fagleg forsvarleg behandling og brot på teieplikta. Du ber om dette ved å sende brev til Statsforvaltaren. Ved særleg grove rettsbrot vil Statsforvaltaren sende saka vidare til Statens helsetilsyn, som blant anna kan gi åtvaring til helsepersonell eller gjere vedtak om tap av autorisasjon.

Det er viktig å understreke at Statsforvaltarens vurdering i desse sakene ikkje får direkte innverknad på rettane til klagaren. Sjølv om du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. I ei av lenkjene til høgre finn du meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Vis meir


Publisert 26.01.2024

Korleis handtere stråleskade? Rettleiar for legar

Korleis skal legar handtere pasientar dei mistenker har stråleskade? Helsedirektoratet har laga ein rettleiar for kommunelegar og fastlegar.  


Publisert 25.01.2024

Nye råd skal førebygge fall blant eldre

Fall er den hyppigaste type ulykke som rammar eldre menneske. Nye nasjonale faglege råd skal bidra til førebygging.


Publisert 19.06.2023, Sist endra 23.02.2024

Helsestasjonar må ha rutinar for å følge opp barn som ikkje møter

Alle barn og unge har rett på tilbod på helsestasjon og i skulehelsetenesta, og retningslinja er no oppdatert for å fange opp dei som ikkje møter til konsultasjonar.


Publisert 29.09.2022, Sist endra 22.02.2024

Nasjonale faglige råd for legemiddelsamstemming og legemiddelgjennomgang

Helsedirektoratet har kommet med nasjonale faglige råd for legemiddelsamstemming og legemiddelgjennomgang.


Publisert 04.10.2019, Sist endra 24.01.2024

Varselordning om alvorlige hendelser i helse- og omsorgstjenesten.

Alle virksomheter som yter helse- og omsorgstjenester plikt til å varsle alvorlige hendelser til Statens helsetilsyn. Pasienter, brukere og nærmeste pårørende får samtidig en rett til å varsle slike hendelser til Helsetilsynet.


Publisert 13.09.2019, Sist endra 23.02.2024

Forskrift om pasientjournal

Alle som yter helsehjelp har plikt til å føre journal etter helsepersonelloven §§ 39 og 40. Forskriften skal fylle ut denne journalføringsplikten og legge til rette for en pasientjournal sentrert rundt pasientens behov for helsehjelp.


Publisert 17.01.2018, Sist endra 29.12.2020

Lovendring som styrkar barn sine rettar som pasientar

Frå 01.01.2018 ble barn si rett til medverknad og medråderett etter pasient- og brukarrettslova styrka, og helsepersonell får plikt til å ta hand om barn som pårørande til søsken.


Publisert 17.02.2016, Sist endra 23.01.2023

Rettleiar for saksbehandling ved tildeling av helse- og omsorgstenester i kommunane

Rettleiaren gir ei praktisk innføring i dei reglane som gjeld ved kommunal saksbehandling og tildeling av helse og omsorgstenester.