Ynskjer du at aska etter deg vert spreidd i naturen?

Foto: Pixabay.com.

Du kan søkje Statsforvaltaren om at aska etter deg vert spreidd på fjellet eller i sjøen.

Publisert 01.06.2021

Askespreiing kan du velje som eit alternativ til nedsetjing av urne på gravstad eller minnelund.

Søknadsskjema

I søknaden treng du ikkje seie noko om årsak til ynskje ditt, men nokre faste opplysningar må med: Fullt namn, personnummer og ei kartskisse eller skildring av kvar du ynskjer at aska skal spreiast.

Søknadsskjema finn du her …

På stader utan mykje folk

Statsforvaltaren si oppgåve er å sikre at aska vert spreidd på område der det ikkje ferdast mykje folk. Derfor vil statsforvaltaren gje deg vilkår for kor og korleis handlinga skal utførast. 

Godkjenninga på søknaden tek du vare på sjølv og gjer det kjent for dine næraste. Statsforvaltaren har ein kopi i sitt arkiv.

Kvifor søkje på førehand?

Ved å søkje om å få spreie aska, sikrar du at ditt ynskje vert etterlevd. Då treng ikkje dine  næraste søkje om det etter din bortgang, men berre spreie aska etter rettleiinga i godkjenninga du fekk.

Om du ikkje søker sjølv, kan pårørande søkje om å få spreie aska di etter din bortgang. Då vert det kravd at ditt ynskje om spreiing av aske kan stadfestast av minst to personar som du har ein relasjon til.

Ta kontakt om du har spørsmål om ordninga.

Kontaktpersonar