Vil førebyggje at barn og unge blir utsett for negativ sosial kontroll i sommarferien

Tenestene i kommunar og fylkeskommunar har ei viktig rolle i det førebyggjande arbeidet, og plikter å hjelpe barn og unge som er utsett for negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting.

Publisert 01.06.2021

Erfaring viser at det er auka risiko for at unge kan bli utsett for ufrivillig utanlandsopphald, truslar, fridomsrøving, tvangsekteskap og/eller andre former for vald i sommarmånadane. Alle barn og unge har rett til beskyttelse mot negativ sosial kontroll, æreserelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting.

Kunnskapsdepartementet og Barne- og familiedepartementet minner derfor om behovet for ekstra beredskap i sommarferien. Les heile brevet med viktig informasjon, råd og ressursar her.   

Beredskap under pandemien

Erfaringar frå brukarorganisasjonar og hjelpetelefonar kan tyde på at fleire barn, unge og familiar no har det vanskelegare heime enn før pandemien. Ei bekymring for at fleire barn og unge blir utsett for vald og negativ sosial kontroll heime har blitt løfta. For å redusere konsekvensen av pandemien har myndigheitene gitt tydelege anbefalingar til tenestene:

  • Tenester til barn, unge og utsette familiar skal så langt det er mogeleg vere opne og tilgjengelege.
  • Smitteverntiltak som rammar barn og unge må vere nødvendige og vere tilpassa forholda 
  • Ved avgrensing av tenestetilbodet grunna smittesituasjonen, må tenestene arbeide for å vere proaktive overfor barn og unge dei er bekymra for.
  • Tverretatleg samarbeid må haldast ved lag.

Barn og unge må vite kvar dei kan få hjelp og korleis dei kjem i kontakt med tenestene når tilbodet er redusert.

Barn og unge som står i fare for å oppleve ufrivillig utanlandsopphald

Nokre barn og unge som blir utsett for negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og/eller kjønnslemlesting opplever å bli sendt på ufrivillige utanlandsopphald. Dette blir ofte oppdaga når barnet eller ungdomen allereie er ute av Noreg, som avgrensar moglegheita norske myndigheiter har til å hjelpe. Les meir i brevet korleis du går fram om du som tilsett er bekymra for barn og ungdom.