Opnar for grønt lys i trafikklysmodellen

Frå 27. mai kan lokale smittevernmyndigheiter vurdere om barnehagar og skolar i områdar med lite smitte kan gå til grønt nivå.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.05.2021

Nasjonalt bestemt gult tiltaksnivå blir oppheva frå 27.05.21. Frå same dato må kommunane sjølv vurdere smittestatus og kva for tiltaksnivå som er rett.

Barnehagar og skolar skal legge til rette for grønt nivå frå barnehage- og skolestart hausten 2021, med mindre den lokale smittestoda tilseier noko anna.