Barnehagar mot 2030 - stategi for barnehagekvalitet

Alle barn skal få eit godt barnehagetilbod, same kor dei bor og i kva for barnehage dei har plass.

Publisert 30.06.2021

Regjeringa har lagt fram sin strategi for barnehagekvalitet for perioden 2021-2030.

 

Regjeringa har som ambisjon at:

  • halvparten av dei tilsette i barnehagen skal være barnehagelærarar innan 2025
  • del av barnehagelærarar med mastergrad skal auke
  • del av fagarbeidarar i barnehagane skal auke
  • for alle andre tilsette skal det være ei plan for korleis formell relevant kompetanse kan opparbeidast
  • alle barnehagar skal ha god og kvalitetsutviklande leiing
  • alle tilsette i barnehagen får høve til etter- og vidareutdanning
  • kvaliteten skal vidareutviklast i dialog med partane
  • alle barnehagar skal få god støtte i arbeidet med kontinuerleg og systematisk kvalitetsutvikling
  • tilsyn skal i større grad bidra til å utvikle og sikre kvalitet

 

Strategien Barnehager mot 2030 – strategi for barnehagekvalitet 2021-2030 finn du i høgremenyen.