Statsforvaltaren førebur regional forskrift i bergensområdet

Etter møte med alle kommunane og sjukehusa i Helse Bergens føretaksområde torsdag morgon, har Statsforvaltaren sett i gang arbeid med forslag til regional forskrift. Forslaget skal sendast til Helsedirektoratet, med ei oppmoding om å legge den fram for regjeringa.

Publisert 02.12.2021

Vi har ein tett og god dialog med FHI og Helsedirektoratet om saka. Eit av vurderingstemaa er kor mange kommunar forskrifta skal omfatte. Vi legg opp til eit møte i morgon føremiddag der kommunane og helseføretaka kan kome med innspel til utkastet.

Kommuneoverlegane og sjukehusa har gitt eit klart råd om å få raskt på plass tiltak som kan bidra til å redusere presset på tenestene. Vi vil gjere vårt for at saka skal kome raskt fram til regjeringa.

Vi vil lytte til innspel, men det handlar om å finne ei forskrift som tener det store fellesskapet, seier fungerande statsforvaltar Gunnar O. Hæreid.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.