Nytt masterstudium i kommunal leiing

Seksjonsleiar Anne Kristin Eitungjerde hjå Statsforvaltaren i Vestland. Foto: SFVL

UiB og Statsforvaltaren i Vestland samarbeider om ein ny tverrfagleg master i kommunal leiing. Det første kurset startar opp til hausten, og har fortløpande opptak. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.06.2021

– Kommunane leverer komplekse tenester og forvaltar grunnleggande rettar for innbyggjarane gjennom heile livsløpet. Det ligg derfor ein stor rettstryggleiksgaranti i å sikre endå betre kompetanse for leiarane i kommunane, seier seksjonsleiar Anne Kristin Eitungjerde frå Statsforvaltaren i Vestland.  

Programmet er tverrfagleg og erfaringsbasert, og skal gi kommunale leiarar den breiddekompetansen dei treng i ei tid med endring og omstilling. Både juristar, samfunnsøkonomar, statsvitarar og psykologar skal undervise på den nye utdanningstilbodet.

Oppbygging og målgruppe

Programmet er sett saman av fire frittståande modular, som kan takast enkeltvis eller setjast saman til ei full mastergrad, inkludert ei avsluttande masteroppgåve. Det er utarbeidd spesielt for kommunale og fylkeskommunale leiarar, eller personar som ønskjer å bli leiar i kommunal sektor. Det vil også passe for dei som jobbar eller ønskjer å jobbe hos Statsforvaltaren eller andre deler av offentleg forvaltning.

– Kommunane er grunnmuren og inngangsporten til velferdsstaten. Sjølv om kommunane forvaltar oppdraget sitt på ein god måte, meiner vi likevel det er behov for eit fleksibelt og tilpassa studieløp som kombinerer ulike høgst relevante fagfelt i kommunane, seier Eitungjerde.

Første modul hausten 2021

Den første modulen startar allereie hausten 2021. Modulen tek for seg det rettslege, politiske og økonomiske handlingsrommet for kommunale leiarar og korleis du som leiar kan utnytte dette til å drifte, fornye og forbetre organisasjonen.

Statsforvaltaren i Vestland har tidlegare i samarbeid med UiB også utvikla eit populært innføringskurs i forvaltningsrett for kommunale saksbehandlarar. Kurset går over eitt semester og blir drive av UiB.

Les meir om Modul 1.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.