God jul frå Fylkesmannen i Vestland

Kjerull oppskjert i skiver.

Jula 2020 vert annleis på mange måtar, men tradisjonane er dei same. Fylkesmannen i Vestland ønskjer alle ei god jul med råd om eit friskt tre, berekraftig gåvepapir og velsmakande mat. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.12.2020, Sist endra 28.12.2020

Juletreet treng omsorg

Juletreet er eit levande tre henta frå skogen. Treet treng omsorg for å kunne spreie juleglede i heimen. Det første du kan gjere er å gi treet ein mjuk overgang frå kulde til varme, særleg om det er frost. Eit friskt snitt og vatn med ein dose blomsternæring i er bra for å gi treet den næringa det treng. Treet bør ha kontakt med vatn heile jula, og helst få påfyll med friskt vatn.

Forventningane, lukta og hygga med å få inn eit friskt og fint juletre er eit høgdepunkt i juleførebuingane. Jula er og blir tradisjon, så la treet, det friske levande, vere ein del av det også i framtida.

Pinnekjøt og kjerull

På vestlandet er det mange som har pinnekjøt som julemat. Om pinnekjøtet skal vere salta og tørka, lite eller mykje røykt, handlar om tradisjonar, og er ofte grunnlag for diskusjon. Det vi har attåt er også prega av sedvane og kor vi kjem frå.

I tidlegare tider var det vanleg å lage rull til jul. Det var som regel lammerull, men ettersom ein nytta dei ressursane ein hadde på garden, vart det også ein og annan kjerull. Denne er laga av tre ingrediensar: kjekjøt, salt og pepar. Mange vert overraska over at geite- og kjekjøt har mild og god smak, fordi dei trur at slikt kjøt smakar skarpt. Med berre salt og pepar som krydder, kjem den milde, fine kjøtsmaken tydeleg fram. Det er den vi er ute etter.

Berekraftig gåveinnpakning

Nordmenn brukar om lag 60 millionar meter gåvepapir kvar jul. Både papir og band er ofte av slikt materiale at det må gå i restavfallet. Kva med å tenkje kreativ og berekraftig innpakning Du kan pakke gåver i avispapir eller bruke gamle blad. Du kan også bruke stoffrestar. Om du har klede du ikkje brukar meir kan du pakke gåver i dei eller sy dei om til gåveposar. Du kan også ta vare på gåvepapiret frå i år, og bruka det om att neste år,  eller finne din eigen kreative vri.

Fylkesmannen i Vestland ønskjer deg ei god jul og alt godt for det nye året som kjem! Neste år heiter vi Statsforvaltaren i Vestland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.