Søknad om nytt utsleppsløyve for Skjersholmane avløpsreinseanlegg i Stord kommune

Høyringsfrist:
12. juni 2026 23:59

Stord Vatn og Avløp AS søkjer om nytt løyve etter forureiningslova til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå Stord tettbygde område.

Publisert 07.05.2026

Avløpsvatn frå Stord tettbygde område (omtalt i utsleppssøknaden som Sagvåg og Leirvik tettbygde område, samt Fuglavikjo avløpssone) skal ifølge gjeldande utsleppsløyve frå 2016 oppnå primærreinsing før utslepp. I dag er det berre avløpsvatnet som vert ført til dagens reinseanlegg på Skjersholmane som overheld dette reinsekravet. Avløpsvatn frå øvrige delar av Stord tettbygde område går framleis til enkle silanlegg eller direkte til sjø utan reinsing.

For å rette desse tilhøva, ønskjer Stord kommune no å bygge eit nytt reinseanlegg på Skjersholmane som skal ta i mot og behandle alt avløpsvatn frå Stord tettbygde område. Tiltaket inneber at alle eksisterande utsleppspunkt og silanlegg i Stord tettbygde område vil bli sanert. Primærreinseanlegget på Skjersholmane vil også bli sanert.

Samandrag av søknaden

Det nye reinseanlegget er planlagt plassert på Skjersholmane på Stord, sjå figur under. Det er søkt om ei ramme på 38 000 pe for å ta høgde for forventa folkevekst og næringsutvikling i området fram til 2065.

Det er videre søkt om reinsekrav tilsvarande sekundærreinsing. Utsleppa frå reinseanlegget vil førast til sjøområda sør for anlegget nær grensa mellom Bømlafjorden vassførekomst og Klosterfjorden vassførekomst. Nøyaktig plassering er endå ikkje avgjort (sjå alternativa i figur), men utsleppspunktet vil ligge på om lag 40 meters djupne.

Med utgangspunkt i spreiingsutrekningar og informasjon om resipientens miljøtilstand i dag, er det i søknaden vurdert at utsleppa ikkje vil medføre redusert økologisk tilstand i vassførekomstane. Nær land er det venta at tiltaket vil betre tilstanden mange stader, sidan noverande utslepp blir sanert. På bakgrunn av luktspreiingsutrekningar for planlagt plassering av reinseanlegget, er forventa luktverknader ved næraste bustad også vurdert som låge og akseptable i søknaden.

Tilhøve til plan

Tomta som er tenkt brukt til det nye reinseanlegget er i dag dels regulert til avløpsreinseanlegg og dels til andre føremål. Dette inneber at det må gjerast endringar i gjeldande reguleringsplanar før bygging kan startast. Kommunen arbeider parallelt med dette. Eit eventuelt løyve etter forureiningslova vil ikkje gjelde før tiltaket er i tråd med plan.

 

Kart som viser plassering av det planlagde nye avløpsreinseanlegget (RA) og aktuelle utsleppspunkt som er under vurdering.
Kart frå utsleppssøknaden (Norconsult 2026) som viser plassering av det planlagde nye avløpsreinseanlegget (RA) og aktuelle utsleppspunkt som er under vurdering.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfrist er 12. juni 2026.

Merknadar til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til sfvlpost@statsforvalteren.no,  eller sende per post til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2026/8090.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurderte.

 

Høyringsfrist:
12. juni 2026 23:59