Høyring av frivillig skogvern i Loen naturreservat i Stryn
- Høyringsfrist:
- 1. april 2026 23:59
Vi sender på høyring frivillig skogvern av Loen naturreservat i Stryn kommune. Området huser ein av dei mest verdifulle edellauvskogane i Sogn og Fjordane og den nordlegaste eikeskogen i Noreg. Du er velkomen til å sende inn innspel innan 1. april 2026.
Som ein del av arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet i Vestland fylke sender vi ut framlegg til frivillig skogvern av Loen naturreservat i Stryn kommune.
Privat eigedom til frivillig skogvern i Loen
Loen naturreservat ligg nord for Lobukta i Stryn. Det føreslegne verneområdet er lokalisert på gards- og bruksnummer 70/3, 70/6, 70/7, 70/8, 70/11, 70/13, 70/14, 70/15, og 70/26 og arealet er eigd av private grunneigarar. Dei har underskrive tilbod om vern av Loen som naturreservat etter prosedyren om frivillig skogvern. Arealet har ein storleik på 778 dekar, der om lag 762 dekar er skogdekt og 362 dekar av dette reknar vi som produktiv skog.
Nasjonale verneverdiar med gamle, hole eiker
Kandidatområdet Loen naturreservat ligg i ei sørvendt li i boreonemoral vegetasjonssone, klart oseanisk seksjon. Lisida har noko rasmark med impediment, men nær halvparten av lia har høg og særs høg bonitet. Skogen består i hovudsak av naturtypen gamal fattig edellauvskog, i form av gamal eikeskog med uvanleg mange storvaksne hole eiker. Feltsjiktet varierer frå fattig lågurtskog i nedre delar til rikare lågurtskog i overgang mot almlindeskog. Alm-lindeskog er ein raudlista naturtype (nær truga, NT). Boreale lauvtre som bjørk veks jamt over heile området i tillegg til mykje hassel, og det er registrert lind i øvre og austre delar.
Lokaliteten har ein verdi som svært viktig (nasjonal verdi), mellom anna på bakgrunn av dei mange grove, gamle og ofte hole eikene som veks der. I desse gamle eiketrea er det registrert kravfulle og dels raudlista artar som er avhengige av gamle eiketre.
Ein av dei mest verdifulle edellauvskogane i Fjordane
Området er vurdert til å truleg vere ein av dei mest verdifulle edellauvskogane i tidlegare Sogn og Fjordane, da dette er den nordlegaste kjente førekomsten av gammal eikeskog i Noreg.
Frivillig vern av Loen i Stryn inneber at skogeigarane tilbyr vern av eigen skog til staten. Det er eit nasjonalt miljømål at eit representativt utval av naturtypane i skog blir verna for kommande generasjonar. Vern av skog er i tillegg viktig for å nå mange andre miljømål vedtekne av Stortinget.
Les gjerne meir om verneverdiar, bruksinteresser, heimelsgrunnlag, med meir i høyringsdokumentet til høgre.
- Høyringsfrist:
- 1. april 2026 23:59
Kontaktpersonar
-
Maria Knagenhjelm
Tlf: 57 64 31 37 -
Tore Larsen
Tlf: 57 64 31 26