Søknad om løyve til anleggsarbeid med utslepp til sjø - Bue Salmon - landbasert matfiskanlegg - Lutelandet i Fjaler

Høyringsfrist:
13. februar 2026 23:00
Oversiktsbilete som visar utfyllingsområdet (brun skravur) og inntakstunnel (rosa strek) og utløpstunnel (blå strek)

Bue Salmon søkjer om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid. Formålet er å etablere eit landbasert matfiskanlegg på Lutelandet industriområde i Fjaler kommune. 

Publisert 14.01.2026

Anleggsarbeida omfattar:

Driving av to tunnelar: ein for inntaksvatn for å forsyne anlegget med sjøvatn og ein for avløpsvatn frå matfiskproduksjonen med utslepp i sjø. Undervassprenging for å lage utslag for tunnelane. 

Utfylling på sjøbotn ved bruk av sprengsteinsmassar (tunnelmassar) for landvinning, ca. 300 000 m3 sprengstein over ca. 40 000 m2 sjøbotn.

Multiconsult har i vedlagte søknad risikovurdert arbeida ut frå registrerte marine naturtypar og fiskeriinteresser og foreslått avbøtande tiltak for å redusere fare for forureining og negativ påverknad til eit akseptabelt nivå.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2025/16072. Frist for å gje fråsegn er 13. februar 2026.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.