Høyring av søknad om anleggsarbeid i sjø - utviding av næringsareal på Rundereimstranda i Stad kommune

Høyringsfrist:
12. desember 2025 23:00

Ose AS søkjer på vegne av Mowi AS om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø for å utvide næringsområdet Rundereimstranda i Stad kommune. 

Publisert 12.11.2025

Det skal fyllast ut ca. 2 600 m3 (6 500 tonn) egna massar. Areal på sjøbotn som vert utfylt er 500 m2 og vassdjupna er ned til minus 9 meter. Sjøbotn er undersøkt for innhald av miljøgifter og sedimenta er tilnærma reine.

Formålet med utvidinga er å:

  • kunne køyre pilotprosjekt for å samle opp slam frå eksisterande sjømerder
  • drifte nye lukka merder i sjø

Ose AS har i dei vedlagde søknadsdokumenta beskrive arbeida, gjort ei risikovurdering av anleggsarbeid og føreslått avbøtande tiltak for å redusere fare for forureining. Desse er :

  • Bruk av siltgardin for å hindre spreiing av finstoff.
  • Utfylling i sjø skal ikkje skje i tidsperioden april - juni.
  • Bruk av elektriske tennarar, for å hindre plast i fyllinga/spreiing til sjø.
  • Tildekking av forureining før sjølve utfyllingsarbeidet skjer, for å hindre spreiing av forureining.

Planlagt gjennomføring er sett til 01.05.2026 – 30.09.2026, med ei varigheit| på cirka 5 månader.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2025/17808. Frist for å gje fråsegn er 12. desember 2025.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

Høyringsfrist:
12. desember 2025 23:00