Søknad om løyve til mudring og utfylling i Storavatnet og Stovevatnet i Øygarden kommune

Høyringsfrist:
10. mars 2023 23:00

Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til mudring og utfylling i Storavatnet og Stovevatnet i samband med Rv. 555, Sotrasambandet i Øygarden kommune. 

Publisert 10.02.2023

Høyringa består av to søknader, ein for tiltak i Storavatnet og ein for tiltak i Stovevatnet, begge i Øygarden kommune. Planlagt oppstart med begge tiltaka er våren 2023.

A1 Storavatnet

Det er planlagd å fylle ut inntil 65 000 m³ sprengstein i Storavatnet for bygging av ny Rv. 555, sjå figur 1. Det skal fyllast for ny veg og sykkelveg. Utfyllinga er planlagd utført frå land.

For å oppnå kvalitetsfylling under den nye vegen skal blaute botnsediment fjernast i dette området før utfylling. Mudringsvolum er usikkert, men er estimert til inntil 162 000 m³. Det er planlagt at tiltaksområdet skal skjermast med dobbel siltgardin for å hindre spreiing av partiklar.

Skisse som viser areal i Storavatnet som kan bli påverka av mudring (blå strek) og utfylling (rosa strek). Skjermdump frå søknad.

A5 Stovevatnet

Av omsyn til etablering av veganlegget ved straume og tunnelpåhogg, må Stovevatnet tømmast for vatn. Stovevatnet skal tømmast i austre del der det skal byggast dammar/tersklar. Tørrlegging er tenkt utført med pumping til utslepp i bekk, sjå figur 2. Bekken har utløp til Arefjorden.

Utsnitt av illustrasjonsskisse som viser planlagde dammar ved utløpet i austredel av Stovevatn og kulvert under vegen. Raudt punkt viser omtrentleg plassering av utslippspunktet til bekk. Skjermdump frå søknad.

Etter planen skal inntil 400 000 pam3 (prosjektert anbrakte kubikkmeter) med sprengstein fyllast i Stovevatnet for bygging av ny veg. Utfyllinga er planlagt frå land. Under vegutfyllinga vil det bli behov for å fjerne blaute sedimenter. Omfanget er usikkert, men inntil 120 000 m3, sjå figur 3.

Det er påvist forureining i botnsedimenta, hovudsakeleg av bly, kobbar, sink, krom, PAH og tunge oljeforbindelsar. Vatn frå tapping av Stovevatnet skal handterast slik at ein unngår spreiing av partiklar og forureining. Det er planlagt bruk av doble siltgardiner ved mudring og utfylling av Stovevatnet.

Kart over område, med symbol for masseutskiftning og mudring.
Lilla markerte flater er områder for masseutskiftning. Dei to områda vist med pil er områder som skal mudrast, basert på behov for byggegrunn under damanlegg og ny veg. Skjermdump frå søknaden.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2022/16836. Frist for å gje fråsegn er 10. mars 2023.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.