Oppstart av arbeid med forvaltningsplan for Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde

Høyringsfrist:
15. mars 2022 23:59
Lurefjorden og Lindåsosane er eit spesielt fjordsystem. Det er faktisk så spesielt at det ikkje finst ein fjord som liknar i heile verda. No skal dette unike fjordsystemet få sin eigen forvaltningsplan, og du kan komme med dine innspel.
Lurefjorden og Lindåsosane er eit spesielt fjordsystem. Det er faktisk så spesielt at det ikkje finst ein fjord som liknar i heile verda. No skal dette unike fjordsystemet få sin eigen forvaltningsplan, og du kan komme med dine innspel. Foto: Magnus Johan Steinsvåg (C).

Vi startar arbeidet med å lage ein forvaltningsplan for Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde i kommunane Alver og Austrheim. Frist for innspel i oppstartsfasen er 15. mars. 

Publisert 21.02.2022

Føremålet med Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde er å ta vare på eit unikt fjord- og pollsystem med lågt oksygeninnhald. Mellom anna er det spesielle førekomstar av den djuptlevande kronemaneten Periphylla perifylla og ishavsåte Calanus glacialis, samt ei eiga sildestamme i verneområdet. Det er ei målsetjing å halde verneverdiane utan større grad av ytre påverknad, og området skal kunne tene som referanseområde for forsking og overvaking. Verneføremålet knyter seg til vassøyla og sjøbotnen.

Formål med forvaltningsplanen

Forvaltningsplanen skal være eit praktisk hjelpemiddel til å oppretthalde og fremme verneføremålet. Den skal samtidig sikre ei heilskapleg forvaltning av verneområdet ved å gje konkrete retningsliner om bruk, informasjon, skjøtsel, eventuell tilrettelegging osv. Gjennom prosessen med utarbeiding av forvaltningsplan skal vi kunne avklare og ta stilling til korleis ulike verne- og brukarinteresser kan bli handsama. Slik kan forvaltningsplanen også bidra til ei meir føreseieleg forvaltning av det marine verneområdet.

Forvaltningsplanen skal innehalde skildring av naturverdiane i Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde, bruk av området, historikk og utarbeide retningsliner for handsaming av t.d. dispensasjonar. Det er viktig å presisere at ein forvaltningsplan ikkje skal opne for ny vurdering av verneforskrift eller grensedraging, men skal utfylle forskrifta og vere ei rettleiar for å få til ein god forståing av ulike paragrafer, særleg på område der det må nyttast skjønn i forvaltninga. Om det er behov for skjøtsels- og informasjonstiltak vil dette kunne være ein del av forvaltningsplanen.

Ein forvaltningsplan inneberer ikkje nye restriksjonar, men gjev retningsliner for kva som er lov og ikkje ut i frå  ramma i verneforskrifta. Gjennom ein forvaltningsplan kan det ikkje bli gitt løyve til tiltak som er forbode i verneforskrifta. Likeins vil det som er gitt opning for i verneforskrifta ikkje bli innskrenka gjennom forvaltningsplanen. Forvaltningsplanen er i utgangspunktet ikkje eit juridisk bindande dokument.

Fagleg grunnlag

Planarbeidet skal ta utgangspunktet i eksisterande kunnskap:

  • Fagrapportar som vart lagt til grunn for verneforslaget
  • Verneforskrifta og kongeleg resolusjon
  • Relevant forvaltningspraksis, som enkeltvedtak i miljøvedtaksregisteret
  • Nyare dokumentasjon som måtte være tilgjengeleg
  • Databasar som Naturbase, Vannett, med fleire

Om planarbeidet viser kunnskapsmangel kan planen beskrive behov for ny kartlegging.

Rådgivende Biologer (RB) har fått oppdraget med å bistå Statsforvaltaren i Vestland i arbeidet med utarbeidinga av planen. RB vil innhente informasjon som grunnlag for planen, delta på møte i høyringsperioden og førebu planen i det nye verktøyet for forvaltningsplanar, FPNV. Vi håpar å ha ein ferdig forvaltningsplan i løpet av hausten 2022.

Aktuelle brukarinteresser og tema

Nokre tema og brukarinteresser det kan vere aktuelt å vurdere i forvaltningsplanen:

  • Forureining, utslepp og avrenning – Kva kjelder til forureining finst i dag og korleis påverkar dette verneverdiane? Er det behov for tiltak?
  • Framande artar?
  • Tekniske inngrep – Kva finst av kablar og andre tekniske inngrep, og er det behov for kartleggje sårbare område for eventuell handsaming av framtidige søknadar?
  • Skjøtsel, overvaking, kartlegging – Er det behov for meir kunnskap for å sikre verneverdiane?
  • Tilrettelegging og informasjon – Er det behov for tilrettelegging og informasjon om verneområdet?
  • Andre tema kan også dukke opp i arbeidet.

Medverknad og involvering

Lokal medverknad er viktig for å sikre at relevant bruk, behov for informasjon og eventuell tilrettelegging blir handsama i forvaltningsplanen. Vi ønsker derfor innspel til oppstartsmeldinga frå alle relevante parter. Innspel til oppstartsmeldinga kan sendast innan 15.mars til:

Statsforvaltaren i Vestland, 

Njøsavegen 2,

6863 Leikanger

Eller på e-post til: sfvlpost@statsforvalteren.no

Vi legg opp til eit møte i løpet av høyringsperioden, dersom det er interesse for det.