Solbakken naturminne - oppheving av fredingsvedtak

Høyringsfrist:
15. desember 2021 23:59

Statsforvaltaren i Vestland sender på høyring eit forslag om oppheving av kgl. res. om freding av Solbakken naturminne i Strandebarm.

Publisert 13.10.2021
Hans Gerhard Stub kjøpte i 1882 eit jordstykke på 100 kvadratmeter for å kunne røyste ved Stortingsvalet det året. På jordstykket planta han fire edelgraner, ei i kvart hjørne.  Jordstykket ber namnet Solbakken, og granene vart kjent som Stubgranane.
Hans Gerhard Stub kjøpte i 1882 eit jordstykke på 100 kvadratmeter for å kunne røyste ved Stortingsvalet det året. På jordstykket planta han fire edelgraner, ei i kvart hjørne. Jordstykket ber namnet Solbakken, og granene vart kjent som Stubgranane. Foto: Statens naturoppsyn v/Ragni Nordås.

Freding av enkelttre som naturminne

I perioden 1920-54 vart det freda ei rekkje enkelttre eller grupper av tre i Noreg, med heimel i "Lov om naturfredning av 25. juli 1910". Trea vart verna som såkalla «naturminne». Vernet hadde både eit naturvitskapleg og kulturelt formål, og freda førekomstar skulle vere naturdokument eller ha ei spesiell kulturhistorie. I dag er naturvernlova avløyst av naturmangfaldlova, og det er ikkje lenger heimel til vern av enkeltobjekt som naturminne. Dei gamle vernevedtaka gjeld likevel framleis, inntil vernevedtaket blir oppheva.

Solbakken naturminne

Solbakken naturminne vart freda 12.06.1936. Verneføremålet er å ta vare på fire store edelgraner som står i kvart sitt hjørne av ein ca. 10x10 m stor teig i nedre del av Strandadalen i Strandebarm.

Bakgrunnen for fredinga er den spesielle historia til trea, som er knytt til kravet om å eige jord for å få røyste ved Stortingsvalet i 1882. Skøytet på eigedomen blei overdratt til Strandebarm Ungdomslag i 1935 på vilkår om at eigedommen ikkje må byggast ut. Du kan leses meir om Solbakken naturminne i faktaarket til høgre.

Bakgrunn for ønske om «avfreding»

Trea har blitt svært store, og eigar av trea, Strandebarm Ungdomslag, ønskjer å felle dei fordi dei gir utfordringar ved skjøtsel og bruk av teigen dei står på. Trea utgjer òg ein fare ved at det ofte fell greiner ned på bygdavegen like ved, og om dei skulle gå over ende td. ved sterk vind, vil dei kunne gjere stor skade både på den inngjerda teigen og på omgjevnadane. Ungdomslaget ønskjer å halde fram med å skjøtte teigen med tanke på den spesielle historia.

Det har òg kome inn bekymringsmeldingar frå andre om fare for skade på bygningar og vegar dersom eit eller fleire av trea skulle gå over ende.

Statsforvaltaren ønskjer oppheving av vernet først og fremst fordi edelgran er ein framand art i Norge. Etter vår vurdering har trea inga naturfagleg interesse. Dei aktuelle trea har vore frøberande i lang tid, og det har kome opp ein god del edelgran i området rundt. Vi vurderer det òg som meir hensiktmessig å felle trea kontrollert enn å rydde opp etter rotvelt når trea før eller seinare går over ende av seg sjølv. 

Frist for å gi uttale er 15. desember 2021

Alle som ønskjer det kan kome med uttale til framlegget om oppheving av vernevedtaket. Vi ber om at uttale anten blir sendt med brev til Statsforvaltaren i Vestland, miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger eller med e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 15. desember.  

Høyringsfrist:
15. desember 2021 23:59