Høyring av frivillig skogvern for Loftesnes i Sogndal

Høyringsfrist:
10. juni 2021 23:59
Lind er eit edellauvtre og trivst berre i utvalte, varme lommer i fylket. Lind kan ha tydinga "skjold" som skildra i Snorre-Edda, og vikingane brukte treet for å lage skjold grunna gode eigenskapar som låg vekt og fordi det er lett å skave i. Lind er ein viktig levestad for biomangfald, kanskje av same grunn?
Lind er eit edellauvtre og trivst berre i utvalte, varme lommer i fylket. Lind kan ha tydinga "skjold" som skildra i Snorre-Edda, og vikingane brukte treet for å lage skjold grunna gode eigenskapar som låg vekt og fordi det er lett å skave i. Lind er ein viktig levestad for biomangfald, kanskje av same grunn? Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender vi forslag om vern av Loftesnes naturreservat på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 10. juni 2021.

Publisert 09.04.2021

Bakgrunn

Gjennom behandlinga av stortingsmeldinga Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald Meld. St. 14 (2015-2016), vedtok Stortinget ei opptrapping av skogvernet i Noreg til 10 prosent av skogarealet. I 2020 var omlag 5,0 prosent av skogarealet og ca. 3,8 prosent av den produktive skogen verna i Noreg. Til årsskiftet 2021 runda vi 3,0 prosent skogvern i Vestland.

Det er eit nasjonalt miljømål at et representativt utval av naturtypane i skog blir verna for kommande generasjonar. Vern av skog er viktig for å nå fleire av dei nasjonale miljømåla vedtekne av Stortinget. 

Auka skogvern er framheva å ha stor positiv effekt på truga artar i skog, og Regjeringa vil vidareføre det langsiktige arbeidet med skogvern. Dette skal skje ved vern av offentleg eigd skog og ved frivillig vern av privateigd skog. Frivillig vern inneber at skogeigarane tilbyr staten vern av eigen skog. Det har vore satt av nær ein halv milliard per år dei to siste åra til skogvern over statsbudsjettet, noko som syner at dette blir høgt prioritert av Stortinget.

På denne liggjande, daude trestamma har nokre barkbiller gnagd rom for å leggje egga sine. Ståande og liggjande daude tre er "burettslaga" til mange trua, sjeldne og sårbare artar. Når Statsforvaltaren skal vurdere kva område som kan eigne seg til vern, er mellom anna førekomsten av daud ved eit viktig kriterium.
På denne liggjande, daude trestamma har nokre barkbiller gnagd rom for å leggje egga sine. Ståande og liggjande daude tre er "burettslaga" til mange trua, sjeldne og sårbare artar. Når Statsforvaltaren skal vurdere kva område som kan eigne seg til vern, er mellom anna førekomsten av daud ved eit viktig kriterium. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Frivillig skogvern  

Dei siste åra har frivillig skogvern vore den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette. Grunneigarane får ein skattefri erstatning frå staten for å avstå frå hogst og andre aktivitetar og inngrep. Det er Norskog som har framforhandla vernet på Loftesnes på vegner av grunneigarane, og som ser til at interessene til grunneigarane blir ivareteke.

Artsdatabanken som er den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei trua raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar, og fysiske inngrep som fylgje av utbygging og skogbruk er blant viktige faktorar. Difor er det å ta vare på levestadane til artsmangfald i skog blant det viktigaste tiltaket vi kan gjere for å sikre  Vestlandsnaturen for framtida. 

Det er bratt i dei største delane av tilbodsområdet på Loftesnes. Steinsprang er ikkje uvanleg i dei bratte liane. Trea ber preg av skadar frå ramlande stein, og bidreg med å stoppe dei frå vidare ferd ned lia.
Det er bratt i dei største delane av tilbodsområdet på Loftesnes. Steinsprang er ikkje uvanleg i dei bratte liane. Trea ber preg av skadar frå ramlande stein, og bidreg med å stoppe dei frå vidare ferd ned lia. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Verneverdiar på Loftesnes med rik edellauvskog

Loftesnes vart første gang registrert i Naturbasen i samband med naturtypekartlegginga for Sogndal kommune i 2000. Området består av rasmark med rik edellauvskog og frodig blandingslauvskog, og furuskog i meir høgareliggjande område. I låglandet er det både levande og døde store, gamle lindetre med grove dimensjonar. Andre edle lauvtre som hassel, alm, ask og svartor veks i området, og osp og bjørk er særleg grove og med høg alder. Dei gamle trea har gode førekomstar av sopp-, mose- og lav, og det er stort potensiale for funn av truga, sjeldne og sårbare artar. 

Det nærliggjande Stedjeberget naturreservat er levestad for ein sjeldan barktege knytt til liggjande, daud lind, som truleg er det einaste registrerte funnet i Noreg. Kontinuitet i daud ved av lind er vesentleg for overleving av denne arten. Det er registrert over 100 artar av sopp i Stedjeberget (minst 11 raudlista soppartar). Statsforvaltaren har grunn til å tru at òg Loftesnes er levestad for sjeldne artar, med tilsvarande kontinuitet av storvakse, daud ved av lind. Potensialet for raudlista arter er stort. Loftesnes er vurdert å ha verdi A, som er svært viktig og har nasjonal verdi, og vil med dette bidra til å oppfylle viktige manglar i skogvernet i Vestland.

Tilbodsarealet på Loftesnes er stadvis bratt og utilgjengeleg for folk. Området gjev likevel gode levekår for lind, hassel og osp og alle artane som treng gamle og døde tre for å overleve.
Tilbodsarealet på Loftesnes er stadvis bratt og utilgjengeleg for folk. Området gjev likevel gode levekår for lind, hassel og osp og alle artane som treng gamle og døde tre for å overleve. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Tore Larsen.

Heimelsgrunnlag

Vern av spesielle område eller førekomstar skjer i medhald av naturmangfaldlova jf. §§ 33-51. I naturmangfaldlova er det gjeve heimel for vedtak av ulike vernekategoriar. Vernekategorien naturreservat, som er det strengaste vernet etter naturmangfaldlova, blir foreslått brukt for Loftesnes.

Konsekvensar av vernet 

For å ta vare på dei sårbare og store naturkvalitetane i området er det nødvendig med ei verneform som sikrar området mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep. Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt og fiske og ålmenta kan framleis drive friluftsliv, sanke matsopp og bær. Turstiar som er i området skal kunne haldast ved like.  

Brukarinteresser 

Det er beite frå husdyr i den lågareliggjande delen av det foreslegne naturreservatet. Forskrifta opnar for beiting med beitedyr, samt utplassering av saltstein i samband med dyrehaldet. Forskrifta har òg ei opning for å kunne vedlikehalde gjerde, og kunne søkje om oppsetting av nye gjerde dersom det er aktuelt i samband med husdyrhald. Dersom beitedyr blir sjuke eller skadde kan ein få frakta ut disse frå naturreservatet med motoriserte hjelpemiddel dersom det trengs. Det er ingen skogsbil- eller traktorvegar, og størstedelen av skogen er vanskeleg tilgjengeleg dersom skogbruk hadde vore eit aktuelt alternativ for grunneigarane.

Det er ikkje registrert kulturminne i området i offentlege databasar, men det utelukkar ikkje at det kan være kulturminne i området. Disse vil kunne bli sett i stand i samråd med kulturminnemynde. Det er ikkje reindrift eller samiske interesser i området.

Det er ei lita jaktbu øvst på Loftesnesfjellet vest i tilbodsområdet. Hytta er nokre tiår gamal, har enkel standard og er mest i bruk om hausten under hjortejakta. Det vil være mogeleg å vedlikehalde hytta, drive jakt og frakte ut jaktutbyte med beltegåande terrengkøyretøy.

Det er ei lita jaktbu i øvre del av tilbodsområdet for frivillig skogvern. Denne skal framleis kunne være i bruk og halde ved like. Jakt, fangst og friluftsliv vil kunne halde fram om lag som før.
Det er ei lita jaktbu i øvre del av tilbodsområdet for frivillig skogvern. Denne skal framleis kunne være i bruk og halde ved like. Jakt, fangst og friluftsliv vil kunne halde fram om lag som før. Foto: Norskog/ Anders Ringstad.

Ein av grunneigarane fortel at det er ein brønn på hans eigedom, men at lokaliseringa er uviss. Han ønskjer å kunne vedlikehalde brønnen dersom den blir funne att. Forskrifta opnar for vedlikehald av eksisterande anlegg, som til dømes denne brønnen.

Det meste av området er bratt og utilgjengeleg, men ytterkantane er i bruk. Det er ein sti i det nordvestlege hjørnet av reservatet. Denne er avmerkt på vernekartet, og på den er det mogeleg å sykle og ri. På Loftesnesfjellet, i austre del av tilbodsområdet, er det nokre godt brukte bålplassar. Dit er det populært å gå frå Kjørnes eller frå Sogndal for å få utsyn over bygda. Området som er avmerkt Hesteggi, som går litt inn i det føreslegne verneområdet i aust, er verdisett som Svært viktig i kartlegginga av verdifulle friluftsområde. Det er opning i verneforskrifta for å brenne bål med nedfallskvist eller med medbragt ved. Når fossane er frosne i kuldeperiodar er det observert isklatring innanfor det føreslegne verneområdet. Det er ein del hjort i dei tilgjengelege delane av Loftesnes, men ikkje meir enn at det er observert forynging av typiske beiteplantar som rogn, osp og selje.

Når det gjeld namn på verneområdet var det opphavlege arbeidsnamnet Loftesnes. Grunneigarane støtta namneforslaget, dei fleste av disse bur i grenda Loftesnes. I høgare delar av området ligg Loftesnesfjellet, og sør for det føreslegne området ligg ei anna grend, Kjørnes. Det har kommet innspel frå Språkrådet om namnsettinga, sjå dokument til høgre. 

Det er eit pågåande arbeid med kommunedelplan for området Loftesnes-Kaupanger i samband med ny riksveg 5 (sjå figur 3). Statens vegvesen seier at arbeidet blir ferdig i løpet av hausten 2021. Grunna dette arbeidet kan det bli forseinkingar i verneprosessen, og det kan også bli justeringar i avgrensinga på kart. Dette vil bli avklart undervegs i prosessen.  

Grunneigarane langs Loftesnes har tilbydd store delar av det bratte partiet på biletet til frivillig skogvern. Området strekk seg frå kraftlinja og opp mot fjellet.
Grunneigarane langs Loftesnes har tilbydd store delar av det bratte partiet på biletet til frivillig skogvern. Området strekk seg frå kraftlinja og opp mot fjellet. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Innspel til oppstartsmeldinga 

Vi meldte offisiell start av vernearbeidet den 1. februar 2021. Innan fristen den 28. februar 2021 fekk Statsforvaltaren 8 innspel. Eitt innspel ønskjer at vi legg verneprosessen på is ein lengre tidsperiode. I høyringsbrevet til høgre ligg eit samandrag av alle innspela i oppstartsrunden. 

Innspel og vidare framdrift 

Det er ønskjeleg med høyringsinnspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Etter at innspel på denne høyringa føreligg, vil Statsforvaltaren vurdere innspela og ta endeleg stilling i si tilråding av vern til Miljødirektoratet. Vi er usikre på tidspunktet på vernevedtak. 
 
Du er velkomen til å sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved Miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no

Frist for å kome med innspel er 10. juni 2021.  

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette. 

I dei høgareliggjande områda av Loftesnes veks furuskogen. Det er eit populært område å gå på tur for å få utsikt over Sogndal. Ein vil framleis kunne brenne bål, men med vernestatus er må ein anten ta med seg eiga ved heimefrå i sekken eller eventuelt plukke småkvist frå bakken til kaffikokinga.
I dei høgareliggjande områda av Loftesnes veks furuskogen. Det er eit populært område å gå på tur for å få utsikt over Sogndal. Ein vil framleis kunne brenne bål, men med vernestatus er må ein anten ta med seg eiga ved heimefrå i sekken eller eventuelt plukke småkvist frå bakken til kaffikokinga. Foto: Norskog/ Anders Ringstad.