Høyring av frivillig skogvern av fem område i Hordaland

Høyringsfrist:
5. juni 2019 23:59

Etter ønske frå grunneigarane sender vi ut på høyring verneforslag på fem område for frivillig skogvern i Hordaland. Frist for uttale er 5. juni 2019.

Publisert 29.03.2019

Vernearbeidet omfattar etablering av naturreservata Steinen og Sæteråsen i Fusa, Håvikevatnet, og Austefjorden og Blånuten naturreservat i grenseområda mellom Fusa og Kvinnherad, og Gripakletten naturreservat i Meland.

Områda utgjer totalt om lag 16 200 dekar og derav om lag 13 300 produktiv skog.

I gjeldande kommuneplanar har alle fem områda arealføremålet Landbruk,- natur- friluftsområde (LNFR). Ein god del av arealet i Austefjorden og Blånuten har også føremålet grønstruktur. I tillegg er ein del av areala i Fusa og Kvinnherad markert med omsynssone «naturmiljø» med bakgrunn i registrerte naturtypar. Gripakletten inngår i nedbørsfelt for Rylandselva som er eit verna vassdrag.

Berre 2 prosent av skogen verna i Hordaland

Det er eit nasjonalt mål å redusere tap av naturmangfald, og som eit leidd i dette har regjeringa eit langsiktig mål om at om lag 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med berre 2,2 prosent av skogen verna, er vi enno langt unna dette målet i Hordaland.

 Asbjørn Gripsgård viser fram parti med eldre naturprega skog på Gripakletten i Meland. Foto: Magnus Johan Steinsvåg / Fylkesmannen i Vestland

 

Frivillig skogvern

I dei siste åra er det frivillig skogvern som har vore den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern kor staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette.

I ein slik prosess er det grunneigar sjølv som tilbyr staten område for vern. For staten vil det vere viktig at det finst viktige miljøverdiar innanfor det aktuelle området. Dersom staten finn det aktuelle området interessant for vern, kan det setjast i gong ein prosess for å verne området. Grunneigar kan trekkje tilbodet når som helst under arbeidet, heilt fram til ein avtale er signert. Les meir om frivillig skogvern på http://frivilligvern.no. Dei verneframlegga som det no vert meldt oppstart om er alle fem resultat av at grunneigarane har fremja tilbod til staten om frivillig vern.

Kvifor vern av skog?

Artsdatabanken som er den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei truga raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar, og inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Derfor er det å ta vare på mest mogleg intakte økosystem i skog blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på vestlandsnaturen for framtida.

 

Viktig Vestlandsnatur

Austefjorden og Blånuten omfattar skogområde i dei svært utilgjengelege områda sør for Geitaknottane naturreservat og vidare vestover på begge sider av Austefjorden. Området er ein del av eit større og relativt urørt skoglandskap, som strekk seg frå fjord til fjell. Området har stor variasjon av natur- og vegetasjonstypar, med vestnorsk regnskog, eldre furuskog, og rikmyr. Arealet er om lag 7 180 dekar.

Steinen vart vurdert som svært verneverdig i samband med verneplan for barskog i 1992, men vart ikkje tatt med i det endelege vernearbeidet då. Området utgjer eit småkupert platå på mellom 300 og 400 meter på mest næringsfattig jord. Skogen er nok også derfor gamal, naturprega og er lite påverka av inngrep. Furuskog dominerer, men i nord er det innslag av vestnorsk regnskog og i sør rik edellauvskog. Arealet er om lag 1 200 dekar.

Gripakletten vart også vurdert i verneplan for barskog i 1992, men kom ikkje heilt opp på grunn av hogst i søndre delar av området. Ny kunnskap har kome til, og i 2014 vart det gjort ny kartlegging i området. Det vart registrert fleire førekomstar av vestnorsk regnskog og fleire trua artar knytt til denne skogtypen som vi har eit særleg forvaltaransvar for. Arealet er om lag 470 dekar.

Sæteråsen omfattar skogområde frå Sæteråsen ved Lygrepollen og område nord for Revurefjellet og vidare nordover til Yddal naturreservat. Føremålet med vern vil vera å ta vare på ein eldre furuskog representativ for midtre delar av Hordaland. Området har stor variasjon av natur - og vegetasjonstypar med gamal kystfuruskog, gamal lauvskog og bekkekløft. Arealet er om lag 4 450 dekar.

Håvikevatnet ligg på grensa mellom Fusa og Kvinnherad kommune. Areala omfattar austlege delar av Håvikvatnet. Også dette området vil vera ein del av eit større skoglandskap, og har stor variasjon av natur- og vegetasjonstypar, med m.a. fleire former for vestnorsk regnskog, eldre furuskog, rik edellauvskog, rikmyr og varmekjær kjeldeskog. Arealet er om lag 2 949 dekar.

Avgrensing

Forslaga til vernegrense er basert på ønskje frå grunneigarar som har tilbyde areal og dei dokumenterte naturkvalitetane i området. Sjå kart med forslag til avgrensing på naturbase.no. Eigedom gnr 35 bnr 2 sentralt i området Austefjorden og Blånuten, er ikkje tatt med i vernearbeidet fordi det ikkje har vore mogleg å få svar frå eigar om frivillig skogvern. Det er ønskjeleg å inkludere dette arealet i verneområdet om grunneigar ønskjer det.

Som ein ser av avgrensinga av Steinen, er verneframlegget delt i to. Det er fordi det foregår ein jordskifteprosess for eigedomen i mellom desse to. Også her er det ønskjeleg å inkludere dette arealet når eigartilhøve er klart og eigarane eventuelt takkar ja til vern.

Kartet viser alle område som det er starta vernearbeid med i Hordaland. Du kan zoome inn i kartet for å sjå nærare avgrensing på dei fem områda som no er til høyring. Følg lenka til kart på miljøstatus.no i høgre marg for opne kartet i eigen fane.

 

Konsekvensar av vernet

For å ta vare på dei sårbare og store naturkvalitetane i området er det nødvendig med ei verneform som sikrar området mot inngrep. Det er derfor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep. Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt, fiske m.v. og ålmenta generelt for sanking av sopp og bær. Turstiar som er i området skal også kunne haldast ved like. Kraftlinjer som går gjennom områda skal kunne driftast, vedlikehaldast og oppgraderast.

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan verta så opplyst som mogleg. Etter at innspel på denne høyringa føreligg, vil Fylkesmannen vurdere innspela og ta endeleg stilling til tilråding av vern til Miljødirektoratet.

Meir informasjon om naturkvalitetane, kartavgrensing, verneforskrift m.v. finn du på nettstaden vår http://www.fylkesmannen.no/vestland. Her kan du også sende inn innspel til denne høyringa. Det er også mogleg å sende innspel med brev til Fylkesmannen ved miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til fmvlpost@fylkesmannen.no

Frist for å kome med innspel er 5. juni 2019

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Grunneigarliste er teke ut i frå eigedomsregisteret. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.

 

Send inn uttale til høyring av frivillig skogvern av fem område i Hordaland