Tilsyn med Skien - Skolen sin aktivitetsplikt for å sikra at elevane har eit trygt og godt skolemiljø

Dato:
1. januar 2020 - 17. september 2020
Stad:
Menstad og Mæla ungdomsskoler
Kommune:
Skien kommune
Ansvarleg:
Oppvekstavdelingen
Målgruppe:
Menstad og Mæla ungomdsskole

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, har ført tilsyn med Skien kommune og Menstad og Mæla ungdomsskoler. Tema for tilsynet har vore skolen sin aktivitetsplikt for å sikra at elevane har eit trygt og godt skolemiljø.

Publisert 10.03.2021

Temaet for tilsynet inngår i felles nasjonalt tilsyn, og er eit deltema under hovudtema skolemiljø. Vi har kontrollert følgjande undertema:

  • Plikta til å følgje med og gripe inn, varsle, undersøkje og setje inn tiltak ved
    mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø
  • Plikta til å straks varsle, undersøkje og setje inn tiltak dersom ein som jobbar på skolen, krenkjer ein eller fleire elevar
  • Plikta til å gjennomføre, evaluere og tilpasse tiltaka

Formålet med tilsynet er å kontrollere om skolen ved rektor følgjer regelverket når det gjeld skolen sin aktivitetsplikt for å sikra at elevane har eit trygt og godt skolemiljø.
Vi gjennomførde intervju med skolenes tilsette i mars. I tillegg har skolen
gjennomførd eigenvurdering i RefLex og sendt inn dokumentasjon til oss.

Sjå rapportane for meir informasjon. Lenker på denne sida.

Du kan lesa meir om skolemiljø og tilsyn på Utdanningsdirektoratet sine sider. Lenker på denne sida.

Dato:
1. januar 2020 - 17. september 2020
Stad:
Menstad og Mæla ungdomsskoler
Kommune:
Skien kommune
Ansvarleg:
Oppvekstavdelingen
Målgruppe:
Menstad og Mæla ungomdsskole