Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Tiltak for å motverke einsemd og fremme aktivitet hos eldre

Legg til i egen kalender
Søknadsfrist:
31. mars 2021 23.00
Målgruppe:
Eldre på sjukeheimar og i omsorgsbustader, eldre som bur heime
Ansvarlig:
Helse- og omsorgsavdelinga, Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
Hvem kan søke:
Kommunar, frivillige organisasjonar m.v.

Mange eldre har blitt hardt ramma under koronapandemien. For mange eldre har det vore fleire månadar med einsemd. Den sosiale aktiviteten er mindre, og møteplassar er stengt.

Publisert 17.02.2021

Ei tilskotsordning kom for fyrste gong hausten 2020. Då blei det delt ut ca. 25 millionar kroner i Vestfold og Telemark.

I 2021 er det i tillegg ca. 15,8 millionar kroner til deling i fylket. Målet er raskast mogeleg å leggje til rette for meir aktivitet og sosiale møter for eldre.

Tilskotet er delt i to:

  1. Aktivitetstilbod og besøksvert i sjukeheim og bemanna omsorgsbustad, 10,1 millionar kroner
  2. Aktivitetstiltak for å motverke einsemd hos heimebuande eldre, 5,7 millionar kroner. 

Kommunar, frivillige organisasjonar m.fl. kan søkje. Sjå regelverk for tilskotsordninga i boksen "Dokument".

Frist for å søkje: 31. mars 2021.

De finn eit søknadsskjema for kvar ordning til høgre i artikkelen. 

Legg til i egen kalender
Søknadsfrist:
31. mars 2021 23.00
Målgruppe:
Eldre på sjukeheimar og i omsorgsbustader, eldre som bur heime
Ansvarlig:
Helse- og omsorgsavdelinga, Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
Hvem kan søke:
Kommunar, frivillige organisasjonar m.v.