Fortsatt generelt bålforbod

Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Meterologisk institutt melder om stor skogbrannfare. Både du og eg må hugsa det generelle bålforbodet som gjeld frå 15. april til 15. september.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.09.2021

Skogbrannberedskap er kommunen sitt ansvaret. Og her følgjer nokre viktige råd om beredskap for skogbrann:

Generelt bålforbod frå 15. april til 15. september

I forskrift om brannførebygging §3 heiter det: 

Det er i tidsrommet 15. april til 15. september forbode å gjera opp eld eller behandla brannfarlege gjenstandar i eller i nærleiken av skog og anna utmark. Det er likevel tillate å gjera opp eld når

  1. kommunen har gitt løyve
    eller
  2. kommunestyret sjølv gjennom lokal forskrift har tillate dette fordi lokale forhold tillet det
    eller
  3. at det er sannsynlegvis ikkje kan oppstå brann.

Skogbrannplakatar kan bestillast gratis frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (dsb.no).
Skogbrannplakatar kan bestillast gratis frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (dsb.no).

Viss du oppdagar skogbrann

RING 110

Medan du ventar på hjelp kan du starta slokkearbeidet sjølv, men ikkje ta nokon sjansar. Kom deg ut av området før flammane omringar deg.

Les meir om Sikker kvardag  på heimesida til Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

Skogbrannberedskap - kommunen sitt ansvar

Det er kommunane som har ansvaret for skogbrannberedskapen, jfr. forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen. I §4-12. Skogbrann står det:

"I områder hvor det er betydelig fare for brann i skog, skal brannsjefen i samråd med de lokale skogbruksmyndigheter organisere en særskilt reservestyrke for innsats ved slike branner. Slik reservestyrke skal øves for aktuelle oppgaver."

Basert på dette er det viktig at kommunen har beredskapsplan, telefonlister osb. klart før det oppstår ein brannsituasjon. Det er viktig at brannsjef og skogbrukssjef har ein god dialog. Skogbrukssjefen har ofte mykje lokalkunnskap om skogeigarar, veg, bommar, skogforhold osb. 

Skogbrannvarsel

Frå sommaren 2021 har Meteorologisk institutt teke i bruk ein ny metode for å berekna skogbrannfare. Dei bereknar no faren for skogbrann i heile landet og ikkje berre for nokre utvalde punkt. Den nye skogbrannfareindeksen finn du her: skogbrannfare.met.no

YR har farevarslar, men desse blir berre viste når det er ein reell fare for skogbrann.

Skogbrannvarsel i vårt fylket 

I tillegg til fly for skogbrannovervåking, er det normalt eit fast skogbrannhelikopter i beredskap fra 15. april til 15. september. Dette er plassert på Torp i Vestfold.

Les meir om skogbrannhelikopter på heimesida til DSB.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.