Bekymra for kommuneøkonomien

Statsforvalteren er bekymra for dei langsiktige konsekvensane koronapandemien har på kommuneøkonomien

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.05.2021

Kommunane får kompensasjon for verknader av skattesvikt, inntektsbortfall og meirutgifter som følgje av koronapandemien. Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett ytterlegare 4,6 mrd. kroner i år. Det betyr at kommuneøkonomien på kort sikt ikkje blir skadelidande av pandemien.

- Når eg likevel er bekymra, er det fordi mange kommunar i fylket vårt planlegg negative eller svært svake driftsbalansar i dei kommande åra, seier statsforvalter Per Arne Olsen. Dei næraste åra er ei spesielt krevjande tid for kommuneøkonomien. Veksten i utgifter som følgje av den demografiske utviklinga vil auka, medan bruken av middel frå oljefondet over statsbudsjettet blir forventa å veksa mindre enn tidlegare. Fleire kommunar kan stå i fare for å bli meldt inn i ROBEK som kommunar utan balanse i økonomien.

Koronasituasjonen har gjort at omstillingsarbeidet i kommunane har vorte forseinka. – Sjølv om pandemien på kort sikt ikkje synest å ha hatt særleg negative konsekvensar for økonomien i dei fleste av kommunane i fylket, har det truleg svekt effektiviseringsarbeidet betydeleg. Også avlyste tilbod til utsette grupper og auke i psykososiale utfordringar kan gi ekstra kostnader på lang sikt. Konsekvensane av dette vil vi sjå i åra som kjem. Det gir grunn til å frykta at fleire kommunar hamnar på ROBEK-lista i løpet av få år, seier statsforvalter Olsen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.