Tilrår nedjustering av tiltaksnivå

Etter møtet med kommunane i dag tilrår Statsforvaltaren nedjustering til høgt tiltaksnivå for Grenlandskommunane. Det vert møte komande fredag kl 0800 der tiltaksnivå for Vestfoldkommunane skal drøftast.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.04.2021

Tilrår 5B i Grenland frå og med fredag
Tilråinga om nedjustering til høgt tiltaksnivå etter covid-19-føresegna for grenlandskommunane gjeld frå og med fredag 9. april og foreløpig fram til og med 22. april. Sluttdato vil bli nærare vurdert i samband med tilråinga for Vestfoldkommunane, slik at ein om mogleg kan samkøyre varigheiten av tiltaka i tid.

Nytt møte for Vestfoldkommunane på fredag morgon
Vestfoldkommunane sine gjeldande tiltak varar fram til og med 11. april, så desse kommunane ville ha eit nytt møte komande fredag før endeleg vurdering av tiltaksnivå vidare frametter. Dei vil då ha eit betre kunnskapsgrunnlag i etterkant av påskeferien, samt at dei då truleg veit meir om kva for tiltaksnivå som vert gjeldande i Viken frå neste veke. Statsforvaltaren har kalla inn til slikt møte kl 0800.

Regjeringa gjer vedtak
Det er regjeringa som vedtek regionale tiltaksnivå. Tilråinga frå Statsforvaltaren er sendt til Helsedirektoratet som vil handsame og vurdere tilråinga saman med Folkehelseinstituttet før endeleg handsaming og vedtak i Helse- og omsorgsdepartementet. 

Resten av fylket held fram med/utan lokale føresegner som før.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar