Det regionale lageret av smittevernmateriell vert avvikla

Delar av det regionale lageret for smittevernmateriell hos NorEngros. Fra venstre dagleg leiar Rune Johansen NorEngros, statsforvaltar Per Arne Olsen og seniorrådgjevar/logistikkansvarleg John Sverre Fæste Dahl frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Då koronapandemien råka for fullt i mars 2020, blei tilgang på smittevernmateriell brått kritisk for å oppretthalde samfunnstenestene i kommuner, fylke og nasjonalt. Statsforvaltaren, saman med kommunane, fylkeskommunen og næringslivet, etablerte raskt eit regionalt lager med smittevernmateriell.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.04.2021

Sandefjord kommune har hatt rollen som vertskommune for lageret NorEngros Olafsen har etablert på Borgeskogen industriområde i Sandefjord. Staten ved Helsedirektoratet sikra tidleg statlig styring av forsyningar av smittevernmateriell. Kvar veke ankom store laster med smittevernmateriell til landet. Deler av dette vart levert fortløpande til kommunane, medan ein andel vart sendt til det regionale lageret. Lageret på Borgeskogen blei over tid fyllt opp slik at det ga kommunane ein ekstra sikkerheit ved auka smitte eller mangel på leveransar. Når lageret nå vert avvikla, vert beholdninga rullert inn i kommunane sine beredskapsbeholdningar.

Nasjonalt prosjekt er starta opp
Helsedirektoratet har nå fått i oppdrag å førebu ein styrka modell for beredskap av smittevernmateriell lokalt, regionalt og nasjonalt for mellom anna pandemiar i framtida, og har etablert eit prosjekt som er i gang med arbeidet sitt.

Samarbeid med næringslivet styrkar samfunnstryggleiken
Samarbeidet vi har hatt viser gevinsten ved eit tett samarbeid med næringslivet, og at dette styrker samfunnstryggleiken, seier statsforvaltar Per Arne Olsen.

NorEngros Olafsen og øvrige grossistar av smittevernmateriell har synt samfunnsansvar og bidrege til at vi har fått fleksible og gode løysingar. Samarbeidet og lageret blei bygd opp på svært kort tid. Utan velvilje frå kommunane og næringslivet ville ikkje dette vore mogleg, avsluttar Per Arne Olsen. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.