Kviteseid blir meld inn i ROBEK

- Meirforbruk i budsjettet for 2021 og økonomiplanen for 2022-2024 inneber at vi må melda Kviteseid kommune inn i ROBEK, seier statsforvaltar Per Arne Olsen.

Publisert 12.03.2021

Meirforbruket er resultat av ei uspesifisert innsparing. Kravet til innsparingar som kommunestyret vedtar for å ha eit budsjett i balanse, er at dei må fordelast på dei enkelte tenesteområda og trekke ned dei ulike løyvingane etter kommunestyret si prioritering.

Kommunestyret vedtok eit budsjett og ein økonomiplan med reduksjon på 1,2 årsverk i 2021, aukande til 5,5 årsverk i 2024, som ikkje var fordelt på tenesteområda. Når dette ikkje er gjort, blir det rekna som ei uspesifisert innsparing.

I kroner er reduksjonen på til saman 8,9 millionar i åra 2021-2024. Når denne innsparinga blir trekt ut, blir det eit meirforbruk kvart enkelt år i økonomiplanperioden. Då seier kommunelova at kommunen skal bli meld inn i ROBEK.

Kva er ROBEK?
ROBEK-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedtatt økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld.

Kommunar i ROBEK er underlagt kontroll frå Statsforvaltaren med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. Kommunar i ROBEK skal fastsetja ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Har lite igjen av sparepengane
Departementet kan bestemma at kommunen likevel ikkje skal førast inn i ROBEK. Men det skal berre skje «dersom det åpenbart ikke er behov for å kontrollere kommunens (…) årsbudsjett og låneopptak,» som det heiter i kommunelova. Statsforvaltaren vurderer at det ikkje er tilfellet for Kviteseid kommune, som har hatt svært svak driftsbalanse dei siste to åra. Kommunen har brukt ein betydeleg del av dei frie midlane han hadde på bok. Disposisjonsfondet vart redusert frå 19,4 millionar kroner ved utgången av 2018 til 8,8 millionar kroner ved utgangen av 2020.

- Kommunen har altså brukt opp mykje av sin økonomiske reserve dei siste to åra. Rekneskapen for 2020 viser at kommunen ikkje har tilstrekkeleg med midlar igjen på disposisjonsfondet til å dekka inn den uspesifiserte innsparinga, seier kommuneøkonomirådgjevar Mats Willumsen hos Statsforvaltaren.

- Vi kan derfor ikkje seia til departementet at det openbert ikkje er naudsynt å kontrollera kommunens årsbudsjett eller låneopptak, seier statsforvaltar Per Arne Olsen.

Utmelding av ROBEK
Kviteseid kommune vil bli meldt ut av ROBEK dersom årsbudsjettet for 2022 og økonomiplanen for 2023-2025 blir vedtatt utan meirforbruk.