Samarbeidsavtale med NRRL på plass

Statsforvaltaren har inngått avtale om samarbeid med Norsk Radio Relæ Liga (NRRL) i Vestfold og Telemark om bistand i fall det vert trong for beredskapssamband under kriser og katastrofar i fylket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.02.2021

Avtalen førebur eit samarbeid kor NRRL kan setja opp eige uavhengig samband i fylket. Fleire kommunar har allereie eit samarbeid med NRRL, anten om sambandstenester eller utplassering av forsterkarar i utsette delar av fylket.

image0xxib.pngimagek52k.png

I 2019 øvde Statsforvaltaren sambandstenesta radioamatørane kan levere, og testa mellom anna ei løysing for dataoverføring via NRRL sin eigen digitale infrastruktur «WinLink». Øvinga var vellukka og samarbeidet er no nedfelt i ein avtale.
Bileta ovanfor syner sambandsdiagrammet for øvinga og den mobile sendaren på Brufoss. Biletet vart overført til Tønsberg under øvinga ved bruk av WinLink.

NRRL er radioamatørane sin organisasjon og er tilslutta Frivillige Organisasjoners Redningsfaglige Forum (FORF). Lokallaga, som dekker heile landet, kan stille med beredskapssamband og andre tenester i fall det vert brot i teleinfrastrukturen, eller dei kan bistå redningstenesta. Under kvikkleireskredet i Gjerdrum til dømes, bistod dei redningsleiinga med sporingsteknologi for innsatsmannskap.

Sjølv om me har god og stabil dekning av straum og ekom i fylket, handlar beredskap om å væra førebudd på at det uventa kan skje, seier fylkesberedskapssjef hjå Statsforvaltaren, Jan Helge Kaiser. Tid om anna opplever kommunane heilt eller delvis utfall av ekom, anten som fylgje av uvær eller andre hendingar. Sist veke mista til dømes eit større hytteområde i Fyresdal kontakten med omverda. Andre kommunar har opplevd liknande berre siste året. Klimaendringar vil gje meir vær, då må me ha alternative løysningar, avsluttar fylkesberedskapssjefen.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.