Regionale koronatiltak i deler av fylket

Fylkesmannen og kommunane i Vestfold og Telemark er samde om å innføra regionale koronatiltak i kommunar med høg smitte,  i tillegg til nasjonale råd og tiltak. - Det er viktig at ta omsyn til barn og unge og at desse skal skjermast i størst mogleg grad, seier fylkesmann Per Arne Olsen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.11.2020

Kommunar med låg smitta skal følgja dei nasjonale råda.

Under eit møte i føremiddag mellom Fylkesmannen, kommunane, Fylkeskommunen med fleire, vart det einigheit om at fylket vert delt i to soner. Føremål med møtet var å skape ei felles haldning til korleis me skal forhalda oss til det auka smittetrykket og oppfordringa frå regjeringa om å vurdera særskilde tiltak i områder med høg smitte. Noverande smittetal i den einskilde kommune var avgjerande. Ved auke eller endra smitte kan sonar endrast.

- Eg er nøgd med at vi har klart å få einigheit mellom kommunane om sams tiltak, seier fylkesmann Per Arne Olsen. Det er viktig for meg å understreka at det er den einskilde kommune som har heimel eller smittevernlova å treffa tiltak innanfor eigen kommune. Tiltaka må vera målretta men må og opplevast som forståelege og forholdsmessige. Einskilde kommunar vil ha enkelte lokale råd og tiltak i tillegg til de me er sams om. Fylkesmannens samordning var å få sams kommunale tiltak og råd – det har me stort sett klart, avsluttar Olsen.

Oversikta over soneinndelinga og råda som gjeld finn du i dokomentet til høgre.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.