Serveringsstadar og kravet om avstand

Eit av dei viktigaste tiltaka for å kontrollere koronaviruspandemien er å sikre at folk held god nok avstand frå kvarandre. Korleis skal dette gjerast i praksis?

Publisert 28.10.2020

Forskrifta seier at det skal vere ein meter avstand mellom gjestar på serveringsstadar, men at dei som bur i same husstand kan setjast nærare kvarandre. Helse- og omsorgsdepartementet har i brev til Oslo kommune presisert korleis avstandskravet skal tolkast. Fylkesmannen presentarar ein forenkla versjon i teksten under. 

Må serveringsstadane endre i eksisterande bordoppsetning?

Utgangspunktet er at det skal være minst ein meters avstand mellom sitteplassane når gjestane kjem. Sitteplassane kan likevel plasserast nærare før gjestane kjem om disse er bestilt til medlemmer av same husstand og serveringsstaden har spurt om dette i forkant. Når gjester frå same husstand kjem, kan dei uansett sjølv velgje å setje seg nærare kvarandre. Det vil kunne frigjere meir plass til andre gjester.

Serveringsstadar som ikkje har innretta sitteplassane sine slik at avstandskravet kan heldast, må no endre på det.

Kan serveringsstadar ved bestilling planlegge for at husstandsmedlemmer sit tettare enn ein meter, og ved det frigjere areal til fleire gjestar?

Det kan tas omsyn til at husstandsmedlemmer kan setje seg nærare kvarandre allereie ved bestilling av bord eller når dei kjem til serveringsstaden. Serveringsstaden kan derfor i forkant av at gjester som har bestilt bord, og da opplyst om at de er i same husstand, forberede bord kor stolar plasserast med kortare avstand enn ein meter.

Kan serveringsstadar ha eit bordoppsett som delvis ikkje fyller kravet om ein meters avstand mellom gjestane i forventning om at nokon av gjestane vil vere frå same husstand?

Forskrifta opnar ikkje for å ha et bordoppsett som berre delvis tilfredsstiller kravet til ein meters avstand mellom sitjeplassane eller gjestane.

Serveringsstaden kan heller ikkje berre anta at dei som kjem er i same hustand, ein må spørje dei direkte. Ei slik tilnærming førebyggjer at gjestane må ta den ubehagelege oppgåva om å be om større avstand når staden tilsynelatande ikkje har plass til å ta imot så mange.

Kan sitjeplassar merkast slik at disse berre kan brukast av medlemmer av same husstand, slik at ein ikkje treng bæra stolar inn og ut av lokalet avhengig av om gjestane er i same husstand eller ikkje?

Det skal være minst ein meters avstand mellom sitjeplassane når gjestane kjem, med mindre det er avklart ved reservasjonen at gjestane er i same husstand.

Kor målar ein avstand mellom sitjeplassar frå?

Generelt målast avstand frå skulder til skulder. Av praktiske omsyn vil det bety at eit serveringsstad målar avstand mellom sitjeplassane frå stolen sin ytterkant.

Når det er små bord på under ein meter, kan ein ikkje ha direkte motståande stolar når gjestane ikkje er i same husstand?

Det er ikkje anledning til å ha direkte motståande stolar ved bord som er smalare enn ein meter, med mindre gjestane er frå same husstand.

Minst ein meters avstand er ekstra viktig når ein sitter andlet til andlet. Det her forsterkast av at det ofte på barar er musikk og høg lyd frå andre gjestar som gjer det naturleg å snakke ekstra høgt til kvarandre.