Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Frivillig vern av skog - Verneplan for seks områder

Legg til i egen kalender
Høringsfrist:
14. april 2021
Heddedalane:  Rik furuskog i liene nord og nordvest for Ivarflaten.  Foto: Terje Blindheim, BioFokus
Heddedalane: Rik furuskog i liene nord og nordvest for Ivarflaten. Foto: Terje Blindheim, BioFokus

Statsforvaltaren sender med dette seks verneplanar - vern av frivillig skog på privat grunn - på høyring.

Publisert 19.02.2021

Føremålet med høyringa er å få fram opplysningar om interesser som kan bli påverka av dei planlagde verneforslaga. Vi ber høyringsinstansane spesielt om opplysningar om gruveopningar, stølar/seterbuer, hytter og andre bygningar, jaktbuer, stigar/sleper, traktorvegar og anna som bør vere kjend i verneområda.

Områda som no er sendt på høyring er:

Namn på område

Kommune

Areal i daa

Verneverdi

Bandaksliane og Lynglifjellet - utviding Kviteseid 8201 Regional  (**)
Bjørgefjell Seljord 4870 Regional  (**)
Dalåsen Hjartdal 2159 Nasjonal (***)
Heddedalane - utviding Tokke 1033 Nasjonal (***)
Mælslia - utviding Tinn 2206 Nasjonal (***)
Vasstveitåsan Tinn 316 Nasjonal (***)

 

Spørsmål knytta til verneplanarbeidet kan rettast til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark på telefon 33 37 10 00. 

Høyringsfristen er 14. april 2021.

Det vil lette den vidare sakshandsaminga om det vert vist til saksnummer i fråsegner og at desse vert sendt oss elektronisk til vårt postmottak sfvtpost@statsforvalteren.no

Heddedalane naturreservat i Tokke. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Heddedalane naturreservat i Tokke. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark