Informasjonsbrev uke 18/2026
Innhold:
- Program og påmelding til UT-samling i Nærøysund 4. juni
- AR5 feltkurs i Ørland
- 18-timars regelen om nedmolding av husdyrgjødsel gjeld ikkje for stubbåker
Info fra andre
- NIBIO: Statistikk fra organisert beitebruk i 2025 ligger nå ute på Kilden
- Landbruksdirektoratet: Nedetid i Agros for UKL, verdensarv og SMIL
Snarveg til:
- Program og påmelding til UT-samling i Nærøysund 4. juni
- AR5 feltkurs i Ørland
- 18-timars regelen om nedmolding av husdyrgjødsel gjeld ikkje for stubbåker
Info fra andre
- Statistikk fra organisert beitebruk i 2025 ligger nå ute på Kilden
- Landbruksdirektoratet: Nedetid i Agros for UKL, verdensarv og SMIL
Program og påmelding til UT-samling i Nærøysund 4. juni
Som vi har informert om tidlegare, så har den årlege BU- og miljøsamlinga har endra namn til Utviklings- og tilskuddsamling (UT-samling). Dette for at fagområdet skal femne breiare. Vi har og endra frå ei 2-dagarssamling til to 1-dagssamliongar.
Den fyrste samlinga blir i Nærøysund 4. juni.
Sjå program og påmelding til samlinga.
Påmeldingsfrist er satt til 27. mai. Samlingane blir gratis, men påmeldinga er likevel bindande!
Det blir og samling i Trondheim 9. september. Program og påmelding til denne samlinga kjem vi snart attende med.
Vi håper flest mogleg vil delta på båe dagane. Som namnet på samlingane tilseier, så blir det mykje ute. Set av datoane til to lærerike dagar!
Kontaktperson: Marit Nestande
AR5 feltkurs i Ørland
Vil minne om at det arrangeres feltkurs i AR5 på Ørland 11. juni.
Påmelding og mer informasjon finner du her:
https://www.statsforvalteren.no/nb/Trondelag/Kurs_konferanser_og_moter/2026/06/ar5--feltkurs-i-orland-11.-juni
Kontaktperson: Ada Marie Aas Skjerve
18-timars regelen om nedmolding av husdyrgjødsel gjeld ikkje for stubbåker
Det er ikkje lenger krav om innan 18 timar å nedmolde husdyrgjødsel spreidd på stubbåker. Dersom kornåkeren er pløgd eller harva før spreiing av husdyrgjødsla, må gjødsla nedmoldast innan 18 timar.
Bortfall av kravet om nedmolding av husdyrgjødsel i stubbåker skuldast at det nye gjødselregelverket seier det kan spreiast husdyrgjødsel utan nedmolding på «areal med plantedekke». Stubbåker som ikkje er jordarbeida på noko vis, er definert som «areal med plantedekke». Der ein har «open jord», dvs ikkje har plantedekke skal husdyrgjødsel/ organisk gjødsel nedmoldast innan 18 timar etter spreiing.
Det nye gjødselregelverket gjer at ein ved direktesåing av korn kan bruka husdyrgjødsel utan at denne blir nedmolda før såing. Dersom ein har eng som skal pløyast, må heller ikkje husdyrgjødsla som er spreidd direkte på gamalenga, moldast ned innan 18 timar.
Framleis smart med rask nedmolding når det er varmt og vind
Dersom ein har høg temperatur og vind, er det framleis lurt å ha kort tid mellom husdyrgjødselspreiinga og såing. Ved høg temperatur og vind, kan over 80 prosent av det lett plantetilgjengelege nitrogenet på to dagar forsvinne til luft om gjødsla blir liggande på overflata.
Redusert mulighet for haustspreiing av husdyrgjødsel frå 2027
I 2027 blir det for dei aller fleste ikkje lov å gjødsle med husdyrgjødsel om hausten utan at det same år blir hausta ei avling etterpå, eller blir sådd ein ny vekst. Tradisjonell husdyrgjødselspreiing om hausten, med kun pløying etterpå, blir altså ikkje lov.
Sjå Gjødselbrukforskrifta § 16 og Rundskriv 2025/37 frå Landbruksdirektoratet.
Kontaktperson: Anders Mona
Info fra andre:
Statistikk fra organisert beitebruk i 2025 ligger nå ute på Kilden
Beitelagskart-2025 er lagt ut på kilden.nibio.no
Kartet viser beitelag som fikk tilskudd til drift av beitelag i 2025.
Statistikk fra Organisert beitebruk 1981-2025 er lagt ut på beitestatistikk.nibio.no
Kontaktperson i NIBIO: Michael Angeloff
Landbruksdirektoratet: Nedetid i Agros for UKL, verdensarv og SMIL
Søknads- og saksbehandlingssystemet Agros og tilhørende tjenester i Altinn vil være stengt fredag 8. og lørdag 9. mai på grunn av teknisk oppgradering.
Det vil ikke være mulig å logge inn for søkere, saksbehandlere eller andre brukere i denne perioden.
Det vil ligge informasjon om dette på innloggingssiden i Agros for saksbehandlere, samt på de digitale tjenestene i Altinn.