Praktisk stikurs i Bymarka ved Trondheim 15.-18. september 2025

Dato:
15. september 2025 16:30 - 18. september 2025 12:00
Sted:
Quality Hotel Panorama på Tiller
Arrangør:
Miljødirektoratet og Statsforvalteren i Trøndelag
Målgruppe:
Verneområdeforvaltarar og andre offentleg tilsette som arbeider med friluftsliv og stiar, - Tilsette og frivillige i organisasjonar som arbeider med friluftsliv og stiar og - Lokale entreprenørar og andre som kan ta på seg oppdrag i vedlikehald og opparbeiding av stiar
Påmeldingsfrist:
8. august 2025 23:59
Foto: Georg Bangjord i Statens naturoppsyn

Miljødirektoratet arrangerer saman med Statsforvalterne i Trøndelag eit praktisk stikurs i Bymarka i Trondheim 15. – 18. september. Målet med kurset er å lære meir om korleis vi kan ta vare på stiar i naturområde.

Publisert 02.06.2025

Rune Holen og Petter Braaten frå Statens naturoppsyn er instruktørar. Dei har i mange års erfaring med stiarbeid. 

Korleis skal vi ta vare på stiane våre?
Hovudregelen er at du gjennom godt vedlikehald tar vare på den stien du har.
Ein godt ivaretatt sti skal ta omsyn på naturverdiane, landskapet og dei som brukar stien. Stien må og tole dei påkjenningane som stien kan bli utsett for, både klima og type ferdsel.

Praktisk stikurs
Miljødirektoratet arrangerer saman med Statsforvalterne i Trøndelag, som har forvaltningsmynde i Bymarka naturreservat, eit praktisk stikurs den 15.- 18. september. Kurset vil ta for seg  kva for omsyn ein må ha når ein jobbar med sti og ferdsel. Kva ein skal tenkje på når ein skal prosjektere, vedlikehalde, restaurere, revegetere og leggje til rette ein sti.
Rune Holen og Petter Braaten frå Statens naturoppsyn som i ei årrekkje har arbeidd med sti er instruktørar på kurset.
Det er gratis å delta, men det er avgrensa tal på plassar. Ved stor pågang vil Miljødirektoratet saman med Statsforvalterne i Trøndelag avgjere kven som får plass på kurset. Miljødirektoratet dekkjer kostnader til opphald ved Quality Hotel Panorama hotell for deltakarane. Reise til/frå må ein dekke sjølv.
Send gjerne invitasjonen vidare til andre som kan vere interesserte.

Innhald
-    Synfaring og vurdering av naudsynte tiltak
-    Prosjektering av eit stiprosjekt
-    Gjennomgang av ulike metodar for tilrettelegging: spalta grussti, steinlegging, 
-    klopplegging, gode grøfter, drift og vedlikehald
-    Naturrestaurering ved stiprosjekt

Lenke til påmelding

 

 

Dato:
15. september 2025 16:30 - 18. september 2025 12:00
Sted:
Quality Hotel Panorama på Tiller
Arrangør:
Miljødirektoratet og Statsforvalteren i Trøndelag
Målgruppe:
Verneområdeforvaltarar og andre offentleg tilsette som arbeider med friluftsliv og stiar, - Tilsette og frivillige i organisasjonar som arbeider med friluftsliv og stiar og - Lokale entreprenørar og andre som kan ta på seg oppdrag i vedlikehald og opparbeiding av stiar
Påmeldingsfrist:
8. august 2025 23:59

Kontaktpersoner:

Snorre Stener v/ Miljødirektoratet: 41936110

Carina Ulsund v/ Statsforvalteren i Trøndelag: 73199233/41420027