Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Innsyn

Statsforvaltarens fellestenester fører journal over dokument som er arkivverdige, i tråd med arkivlova. Vi fører journalen etter kvart vi sender ut eller mottek dokument. Du kan sjå breva og dokumenta våre på nettstaden https://einnsyn.no

Publisert 12.12.2018

Om ordninga

Når du er inne på eInnsyn, klikkar du på valet «Filtrer i statlege verksemder» og vel deretter «Fylkesmennenes fellesadministrasjon» (vårt gamle namn).

Du kan sortere søket ditt etter dokument/sak og verksemd. Du kan velje å avgrense perioden det vert søkt i.

Klikk på knappen «Be om innsyn» ved sida av dokumenta du ønskjer å bestille. Bestillinga di blir behandla i postmottaket vårt.

Dersom du ser etter dokument som er sendt til eller frå ein av fylkesmannembetane (tidligare namn på statsforvaltarane - namn skal oppdateras i eInnsyn snart), må du velje den aktuelle fylkesmannsembete på lista over statlege verksemder.

Om eInnsyn

Offentleg elektronisk postjournal, eInnsyn, er ei felles publiseringsteneste for postjournalane hjå statlege verksemder.