Alle elevar på leirskule

Frå hausten 2019 er det lovfesta at kommunane, som ein del av grunnopplæringa, skal tilby elevane eit leirskuleopphald eller ein annan skuletur med minst tre samanhengane overnattingar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.08.2019

Det er ein ny paragraf i opplæringslova som sikrar elevane leirskuleopphald eller ein annan skuletur. Endringa trer i kraft frå 1. august 2019.

Tidlegare har det vore opp til kvar enkelt skuleeigar å avgjere om dei ønskjer å tilby leirskuleopphald eller ein annan skuletur med overnatting. Ved å lovfeste retten til leirskule eller ein annan skuletur håpar regjeringa å unngå at foreldre og elevar sjølv må finansiere turar gjennom loddsal, dugnader og gåver.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.