Tilsyn med Lærdal kommune med tema elevens utbytte av opplæringa

Dato:
24. januar 2020 - 16. juni 2020
Stad:
Dokumenttilsyn
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Helge Pedersen
Målgruppe:
Kommunen

I dette tilsynet undersøkjer vi elevanes utbytte av opplæringa.

Publisert 29.06.2020

Vi har undersøkt skulens praksis når det gjeld opplæring i og formidling av kompetansemål til elevane, undervegsvurdering for å auke elevane sitt utbytte og halvårsvurdering til elevane.

Spørsmål vi ønskjer svar på gjennom tilsynet:

  • Har skulen system som skal sikre at opplæringa dekker alle kompetansemåla i fag og om elevane kjenner til læraren sitt vurderingsgrunnlag?
  • Om elevane får tilbakemeldingar på kva dei meistrar, og rettleiing i kva dei må gjere for å auke kompetansen sin?
  • Om elevane vert involvert i vurderinga av eige læringsarbeid?
  • Om elevane frå og med 8. årstrinn får halvårsvurdering midt i opplæringsperioden i alle fag og på slutten av opplæringsåret i fag som ikkje er avsluttande.
  • Om elevane i halvårsvurderinga får informasjon om kompetansen sin i faga og om elevane får rettleiing om korleis dei kan auke kompetansen sin.

Tilsynsrapporten er no ferdig. Før rettefristen 12. oktober 2020 må Lærdal kommune sende Fylkesmannen ei erklæring om at forholda ved Lærdalsøyri skule er retta.

Dato:
24. januar 2020 - 16. juni 2020
Stad:
Dokumenttilsyn
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Helge Pedersen
Målgruppe:
Kommunen

Dokument