Tilsyn med Gulen kommune - Skulens aktivitetsplikt for å sikre at elevane har et trygt og godt skulemiljø

Dato:
31. januar 2020 - 5. mai 2020
Stad:
Dokumenttilsyn
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Helge Pedersen
Målgruppe:
Kommunen

Tilsynet går ut på å kontrollere om Gulen kommune følgjer regelverket i opplæringslova med forskrifter. For å kontrollere dette undersøkjer vi praksisen ved Eivindvik skule.

Publisert 12.05.2020

I tilsynet vil vi undersøke skulens aktivitetsplikt for å sikre at elevane har et trygt og godt skulemiljø. Vi vil leggje vekt på plikta til å undersøke og setje inn tiltak ved mistanke eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen.

Grunnen til at vi har vald å føre tilsyn med desse to delpliktene er knytt til dei erfaringane vi generelt har gjort oss som handhevingsmynde for skulemiljøsaker. I fleirtalet av sakene der vi har gjort vedtak om brot på aktivitetsplikta, har det vore brot på desse delpliktene.

Dato:
31. januar 2020 - 5. mai 2020
Stad:
Dokumenttilsyn
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Helge Pedersen
Målgruppe:
Kommunen

Dokument