Navarsete gir seg som statsforvaltar

Foto: Oskar Andersen.

Liv Signe Navarsete har søkt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet om avskjed frå stillinga som statsforvaltar frå 1. september.

Publisert 19.03.2026

– Det har vore eit privilegium å få leie embetet og jobbe saman med så mange dyktige medarbeidarar om eit viktig samfunnsoppdrag. Samstundes kjenner eg at tidspunktet no er rett for å gi stafettpinnen vidare, seier Navarsete.

Navarsete har vore statsforvaltar i Vestland sidan 1. september 2022.

 – Rolla som statsforvaltar er både givande og krevjande. Etter fleire år med høgt tempo og mykje reising i eit stort fylke, ønskjer eg meir tid til familie og andre prioriteringar.

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet leier prosessen med å rekruttere ny statsforvaltar. Navarsete held fram i stillinga til 1. september 2026.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar