Ny statsforvaltar på plass

Liv Signe Navarsete har sin første arbeidsdag som statsforvaltar i Vestland 1. september.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.09.2022

I vekene som kjem skal Navarsete innom kontorstadene i Bergen og Førde, og legg vekt på å gjere seg kjend med embetet og dei tilsette. 

– No gler eg meg til å kome i gang med arbeidet, og til å bli kjend med organisasjonen, folka og arbeidsoppgåvene, seier den nye statsforvaltaren.

Solveig Mork Holmøyvik/Statsforvaltaren i VestlandFoto: Solveig Mork Holmøyvik/Statsforvaltaren i Vestland

Liv Signe Navarsete er tidlegare stortingsrepresentant og statsråd for Senterpartiet. Ho er 63 år, kjem frå Lærdal og er utdanna cand.mag. i økonomi, administrasjon og IKT ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Navarsete var partileiar frå 2008—2014 og har vore samferdsleminister og kommunalminister. Ho var innvald til Stortinget frå Sogn og Fjordane frå 2005 til 2021. Ho er medlem av regjeringas forsvarskommisjon.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.