Gunnar O. Hæreid skal leie nytt utval

I statsråd 22. juni vart det nemnt opp eit nytt utval som skal lage eit framlegg til ny lov om kulturmiljø. Den nye lova vil erstatte kulturminnelova frå 1978. Fungerande statsforvaltar Gunnar O. Hæreid skal leie utvalet. 

Publisert 23.06.2022

- Sidan dagens kulturminnelov vart vedteken i 1978 har både samfunnet og miljøforvaltninga endra seg mykje. Vi treng eit sterkt og oppdatert lovverk for å forvalte kulturmiljø på ein god måte. Derfor har regjeringa nemnt opp et lovutval som skal levere framlegg til ei ny kulturmiljølov, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide i ei pressemelding. 

Utvalet skal levere si utgreiing innan 1. september 2024.

Dette er utvalet

  • Fungerande statsforvaltar Gunnar Ove Hæreid, Sogndal (leiar)
  • Samfunnsutviklar Kjersti Gram Andersen, Notodden
  • Professor Nils Anfinset, Bergen
  • Seniorrådgjevar Torvald Falch, Tromsø
  • Ordførar Jarand Felland, Tokke
  • Generalsekretær Ola Harald Fjeldheim, Ullensaker
  • Avdelingssjef Christian Hintze Holm, Nesodden
  • Professor Ingunn Elise Myklebust, Bergen
  • Gardbrukar Marianne Olssøn, Ringsaker
  • Prosjektleiar Gro Holst Volden, Trondheim

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.