Fylkesmannen blir Statsforvaltaren

Statens hus på Leikanger, som er Statsforvaltaren i Vestland sitt hovudsete.
Statens hus på Leikanger, som er Statsforvaltaren i Vestland sitt hovudsete.

Frå 1. januar 2021 heiter vi Statsforvaltaren i Vestland. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.12.2020

Regjeringa har bestemt at vi skal ha et kjønnsnøytralt namn. Statsforvaltar seier samstundes tydelegare at vi er statens regionale representant. I samband med namnebytet ber vi om forståing for at det framleis står Fylkesmannen nokre stader.

Det kan ta litt tid å få oppdatert vårt nye namn i alle lover og forskrifter. Sjølv når endringane kjem på plass vil vedtaka våre framleis innehalde sitat frå eigne tidlegare avgjerder, og liknande. 

Oppgåvene er dei same

Statsforvaltaren utfører ulike forvaltningsoppgåver på vegner av departementa. Statsforvaltaren kontrollerer også verksemda i kommunane og er klageinstans for mange kommunale vedtak. Statsforvaltaren har derfor fagkunnskap på ei rekkje overordna samfunnsområde, samtidig som vi sit på viktig lokalkunnskap.

Statsforvaltaren skal dessutan sørgje for rettstryggleiken for enkeltinnbyggjarar, verksemder og organisasjonar ved å sjå til at grunnleggjande prinsipp som likebehandling, likeverd, føreseielegheit, handlefridom, habilitet og rettferd blir sikra i forvaltninga.  

  • Statsforvaltaren er sektorstyresmakt på ei rekkje viktige politikkområde. Som sektorstyresmakt representerer vi fleire departement, underliggjande direktorat og sentrale tilsyn.
  • Statsforvaltaren er rettstryggleiksstyresmakt som klageinstans for kommunale vedtak og som tilsynsstyresmakt på sentrale velferdsområde som kommunane forvaltar.
  • Statsforvaltarener regional samordningsstyresmakt for staten. Vi skal blant anna samordne statlege verksemder og arbeidet deira mot kommunane.
  • Som regjeringa sin representant i fylket skal vi arbeide på vegner av og ta initiativ som er til beste for fylket.
  • Statsforvaltaren skal halde sentrale styresmakter orienterte om viktige spørsmål i fylket og formidle relevant informasjon til kommunale, fylkeskommunale og statlege organ.

Statsforvaltaren har òg oppgåver for Kongehuset. Statsforvaltaren er administrativt underlagd Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar