Søknad om endring av løyve til anleggsarbeid med utslepp til sjø - Bue Salmon - landbasert matfiskanlegg - Lutelandet i Fjaler kommune
- Høyringsfrist:
- 7. september 2026 23:00
Bue Salmon fekk løyve etter forureiningslova (løyvenr. 2026.0141.T) den 20. februar 2026 for anleggsarbeid knytt til bygging av landbasert matfiskanlegg på Lutelandet i Fjaler kommune. Dei søkjer no om endring av løyvet.
Prosjektet inneber oppføring av eit landbasert matfiskanlegg med ein planlagd kapasitet på 50 000 tonn laks årleg. Det skal fyllast ut massar i ei bukt sørvest i industriområdet for å utvide eksisterande areal. Vidare skal det drivast to tunnelar: ein inntakstunnel for sjøvatn og ein utløpstunnel for avløpsvatn som munnar ut i Korssundosen.
Bue Salmon søkjer no om endring av løyvet for følgjande forhold:
- Mudring: Fjerning av 3 000 m3 lausmassar i den vestlege delen av utfyllingsområdet for å sikre stabilitet. Supplerande miljøundersøkingar frå juni 2026 dokumenterer at desse massane er reine.
- Auka utfyllingsvolum: Totalt volum for utfylling i sjø vert søkt auka frå 300 000 m3 til inntil 350 000 m3.
- Endring av partikkelsperre: Det vert søkt om fritak frå bruk av siltgardin i fase 1 ved bruk av reine massar frå splittlekter. I fase 2 vert det søkt om å nytte boblegardin som barriere i staden for siltgardin, då lokale straumforhold gjer siltgardin teknisk uegna.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2025/16072. Frist for å gje fråsegn er 7. september 2026.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 7. september 2026 23:00