Vi startar utviding av Sagvatnet naturreservat i Bømlo

Høyringsfrist:
28. juni 2026 23:59
Hønsehauken er kanskje den dagrovfuglen vår som er mest knytta til større naturprega skogområde. Sagvatnet naturreservat er eit viktig område for arten. Hønsehauken er nasjonalt lista som trua, mellom anna på grunn av moderne skogsdrift og nedbygging av leveområda for viktige byttedyr. Foto: Magnus Johan Steinsvåg .

I dialog med grunneigarane og Framtre (tidlegare AT Skog) melder vi formell oppstart av utviding av Sagvatnet naturreservat gjennom frivillig skogvern. Du er velkomen til å sende inn innspel innan 28. juni.

Publisert 13.05.2026

Føremålet med dette brevet er å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar.

Utvidinga gjeld eigedomane gnr. 2, bnr. 5, 11 og 33. Utviding av naturreservatet vil ytterlegare styrka ein av dei største og vestlegaste furuskoglokalitetane på Vestlandet. Dette er «låglandsskog» med kystfuruskog og regnskogslokalitetar med mange trua artar. Utvidingsarealet utgjer 916 dekar og derav 807 dekar skog og av dette 738 dekar produktiv skog. Arealet består av tre delområde, som er lokalisert nord, vest og aust frå dagens Sagvatnet naturreservat. 

Nokre av grunneigarane tilbyr no skogareal for vern gjennom ordninga frivillig skogvern for andre gong. Avgrensinga av utvidingsområdet kunne ha vore meir optimal. På sikt hadde det vore ønskjeleg med fleire tilbod om frivillig skogvern frå grunneigarar med tilgrensande eigedomar. 

Oppdatering av verneforskrift

Med denne utvidinga vil vi også oppdatere dagens verneforskrift for Sagvatnet naturreservat i henhald til naturmangfaldlova som i 2009 erstatta den gamle naturvernlova. Den nye verneforskrifta for naturreservatet vil ikkje gje auka restriksjonar samanlikna med dagens verneforskrift. Forslag til verneforskrift vil vere klar til neste fase i verneprosessen som er høyringa.

Med utviding av Sagvatnet naturreservat vil ein i tillegg til å ta vare på meir viktig natur, gjere området samla sett meir robust for negative påverknader. Det vil igjen auke overleving av artar som nettopp er målet med vernet. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

Plan – og inngrepsstatus

I gjeldande kommuneplan (2013-2025) har området føremålet landbruk, natur- og friluftsføremål (LNFR). Omssynsone knytt til nedslagsfelt for drikkevatn like sør for Eriksvatnet og Grutlevatnet. I tillegg er det eit område med kaste – og låssettingsplass i Døsvika. 

Områda er utan bygningar og framstår som mykje inngrepsfrie, bort sett frå ei eksisterande 22 kV kraftlinje som går om lag 180 meter langs sjøen heilt i ytterkanten av området nord for Døsvika. 

Nasjonale naturverdiar

Områda er ein del av eit uvanleg stort og tilnærma inngrepsfritt kystnært skogområde i Bømlo, frå Andal i sør til Våge i nord. Tre naturreservat inngår i dette viktige skogområdet. Naturreservata Skogafjellet og Sagvatnet vart verna gjennom det myndigheitsstyrte barskogvernet i 1999. Tjongspollen naturreservat vart verna i 2017 gjennom frivillig skogvern, og denne utvidinga av Sagvatnet naturreservat er også eit frivillig skogvern der grunneigarar har tilbydd området for vern. 

Av treslag er det furu som dominerer, med innslag av bjørk, hassel og rogn fleire stader. Det er også noko barlind (VU), lind (NT) og ask (EN) somme stader. Purpurlyng (NT) er vanleg på skrinnare og tørkeeksponerte partia og inngår her som purpurlyng-furuskog som har ei svært avgrensa utbreiing ytst langs kysten i Norge. Med denne utvidinga av Sagvatnet naturreservat vil ein få inkludert ytterlegare viktig skognatur i form av sterkt oseanisk furuskog, med totalt 11 regnskoglokalitetar med mange trua artar. 

Mange av desse sjeldne og sårbare artane er habitatspesifikke for regnskog og heilt avhengige av desse «regnskogs-lommene» for å overleve. Det fordi dette er skuggefylte areal i skogen med stabilt høg luftfukt. Totalt 9 raudlisteartar av lav – og mose knytt til regnskog er registrert innafor tilbodsområdet, deriblant stjernerurlav (EN), storpora rurlav (EN), tornflekklav (VU), kystskriftlav (VU), kystvortelav (VU), rødflekklav (VU), kjøttkraterlav VU) og gul pærelav (NT). Både rike og fattige utformingar av boreonemoral regnskog er kartlagde.

Sjølv om det meste av skogen er etablert før 1940, er den nok ikkje spesielt gamal i økologisk forstand. Det er lite død ved (ståande og liggande døde tre) samanlikna med kva ein finn i veldig gamal skog. Likevel er det nasjonale naturkvalitetar her som er verneverdige, og det særleg knytt opp til vestnorsk regnskog som er særleg prioritet i det nasjonale frivillige skogvernet. Norge har eit særleg forvaltingsansvar for denne skogtypen som også er lista som trua (Artsdatabanken 2018).

Utvidingsområdet er ein del av eit stort samanhengande skogområde, med særleg viktig funksjon for hønsehauk (VU) og havørn. I tillegg er furuskogen her tilstrekkeleg naturprega til å ha viktig funksjon for hakkespettar som kvitryggspett, grønspett, gråspett og dvergspett.

Å ivareta slike store samanhengande areal er avgjerande for å ta vare på desse naturkvalitetane på lang sikt som er ei nasjonal målsetjing.

Vernet vil dekke manglar i skogvernet

Denne utvidinga av Sagvatnet naturreservat vil bidra til å dekke manglar i det nasjonale skogvernet med ivaretaking av mange trua artar, i tillegg til boreonemoral regnskog, kystfuruskog og skog i låglandet. Areala ligg i boreonemoral sone.

Kvifor vern av skog? 

Artsdatabanken, den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei truga raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar. Inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Å ta vare på mest mogleg intakte økosystem i skog er blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på vestlandsnaturen for framtida.

eit lite vatn i ei myr og skog rundt
Døsvikdalen med Børøyklampen i bakgrunnen. Av dei tre delområda for utviding er det her det er registrert flest regnskogslokalitetar og trua artar. Foto: Statsforvaltaren i Vestland .

Mål om 10 prosent vern av skogen i Vestland 

Det er eit nasjonalt mål å redusere tap av naturmangfald, og som eit ledd i dette har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med berre rundt 3,4 prosent av skogen verna, er vi enno langt unna dette målet i Vestland. Frivillig skogvern har fått ei styrka økonomisk ramme i 2026 og ordninga vil vere viktig for å sikra viktig skognatur i åra som kjem. Dette er eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette. Ved vernevedtak har grunneigarane akseptert det økonomiske tilbodet frå staten.  

Kva betyr det at eit område vert verna? 

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep. 

Vernet vil ikkje regulera eller føre til endringar i bruk av kaste – og låssettingsplassen i Døsvika. Drift og vedlikehald av eksisterande kraftlinjer innafor området vil også kunne føregå som før, utanom at motorisert ferdsle for planlagt vedlikehald på kraftlinje vil vere søknadspliktig. Grunneigar vil framleis ha rett til jakt, fangst og fiske, og ålmenta vil framleis kunne plukke matsopp og bær.

Innspel og vidare framdrift 

Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og tema kan verta så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil Statsforvaltaren sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring som også inkluderer verneforskrift. 
 
Du kan sende inn innspel til denne oppstartsmeldinga med brev til Statsforvaltaren ved miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no. Vi har også ei eiga temaside om frivillig skogvern med generell informasjon om ordninga.

Frist for å kome med innspel er 28. juni

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.