Vi melder oppstart av verneprosess på Teraåsen i Aurland kommune
- Høyringsfrist:
- 6. april 2026 23:59
Etter dialog med grunneigarane melder vi oppstart av skogvernprosess på Teraåsen i Aurland kommune. Du er velkommen til å sende innspel innan 6. april 2026.
Vi ønskjer med dette å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar.
Mål om 10 prosent vern av skogen i Vestland
Det er ei nasjonal målsetjing om redusere tapet av naturmangfald, og som eit ledd i dette har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med 3,4 prosent av skogen i fylket verna til no er vi enno langt unna dette målet i Vestland. Med eit vern av eit nytt naturreservat vil ein komme litt nærmare målet om å ta betre vare på sjeldne og truga artar og naturtypar i fylket.
Kva betyr det at eit område vert verna?
For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne disse viktige skogane som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep.
Brukarinteresser
Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt og fangst i samsvar med gjeldande lovverk, og ålmenta vil kunne nytte området til friluftsliv, og sanking av matsopp og bær. Beiting og vedlikehald av sti i samsvar med tilstanden på vernetidspunktet er også generelle unntak frå vernereglane. All ferdsel skal skje varsamt og med omsyn til vegetasjon, dyreliv og kulturminne. Motorisert ferdsel er forbode, med unntak av naudsynt uttransport av felt vilt eller sjuke/skadde bufe.
Kvar verneverdiar finn vi i kandidatområdet Teraåsen?
Teraåsen ligg i ei bratt sørvendt liside i ein gradient frå Vassbygdevatnet (55 moh) til høgfjellet (over 1000 moh) mellom Vassbygdi og Aurlandsvangen i indre fjordstrøk i Sogn. Gradienten dekker boreonemoral, sørboreal, mellomboreal og nordboreal vegetasjonssone. Området består såleis av stor variasjon i naturgitt mangfald. Området har om lag 600 dekar med kalkrik mosaikk, og har område med både store, gamle tre og liggjande død ved. Teraåsen dekker også ein bekkekløftlokalitet som har potensiale for raudlista natur, men denne vart ikkje nærare kartlagt grunna rasfare.
Det er registrert seks ulike raudlista naturtypar i den kartlagde skogen, mellom anna kalkedellauvskog (EN), frisk rik edellauvskog (NT) og kalk- og lågurtfuruskog (VU). Også naturtypen svært uttørkingseksponert sørleg kalkberg (NT), ein svært sjeldan naturtype i Sogn og Fjordane, er registrert. Her vart det funne fleire uvanlege artar som praktoransjelav (VU), narreoransjelav (VU) og grynrosettlav (NT). Tørr, kalkrik edellauvskog er viktige leveområde for raudlista artar, som t.d. mykorrhiza-soppen safranslørsopp (VU), og i Teraåsen finst det truleg fleire av disse mykorrhiza-soppartane som Noreg har eit internasjonalt ansvar for. Den boreale lauvskogen har ein velutvikla skogstruktur med rike lågurt-utformingar, og sjølv om mykje av furuskogen er fattig er det også innslag av rikare furuskog. I furuskogen er det relativt mange gamle tre på over 200 år. På gamal og død furu er det gjort interessante funn av raudlisteartar, til dømes druelav (NT).
Teraåsen bidreg til å fylle manglar i skogvernet knytt til lågareliggjande område i sørboreal og boreonemoral vegetasjonssone. Arealet husar rik edellauvskog i ulike utformingar, og ei stor bekkekløft. Skogen under 800 meter blir vurdert å vere nasjonalt verneverdig grunna den store variasjonen av skogtypar inkludert rik edellauvskog, rik og gamal furuskog og førekomst av stor bekkekløft, samt dei mange registrerte og potensiale for fleire raudlisteartar.
Innspel og vidare framdrift
Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaga slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Når innspel til oppstartsmeldinga er vurdert, vil vi sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring.
Send innspel til oppstartsmeldinga med brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvaltaren.no innan 6. april 2026.
For oppstartsbrev med adresseliste, utkast til vernekart, utkast til vernereglar og meir bakgrunnsinformasjon, sjå ramma til høgre i denne saka.
- Høyringsfrist:
- 6. april 2026 23:59