Vi startar arbeid med frivillig skogvern i Husedalen i Ullensvang
- Høyringsfrist:
- 12. april 2026 23:00
I dialog med grunneigarane, Framtre og Norskog melder vi start av verneprossess for nasjonalt viktig skog i Husedalen. Du er velkomen til å sende innspel innan 12. april.
Føremålet med dette brevet er å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar.
Området er i Kinsarvik på austsida av elva Kinso og vil grense til Hardangervidda nasjonalpark. Vernet vil omfatte skog i Bråvollii, Åsmarki og Kinnalii.
Området omfattar ein av dei best utvikla og truleg eldste furuskogane i Hardangerregionen. Store delar av skogen har urskogpreg og har lang kontinuitet. Det vart i 1986 målt alder (trebor) på fleire furutre som i dag vil vere mellom 380 og 470 år (Moe 2001). Sjeldne, trua og kravfulle artar knytt til naturskog er registrert. I tillegg til gamal naturskog, er det også innslag av kalk - og lågurtfuruskog, rik edellauvskog og eldre skogbrannfelt.
Det tilbode område for frivillig skogvern omfattar eigedomane gnr/bnr: 238/2, 239/1, 239/2, 239/3, 239/4, 239/5, 239/6 og 239/219. Totalt er området på 4 308 dekar, derav 3 878 dekar skog og 2 390 dekar produktiv skog.
Plan - og inngrepsstatus
I gjeldande kommuneplan (av 16.12.2011) har området føremålet landbruk, natur- og friluftsføremål (LNFR). Store delar av området har omsynssyne «bevaring naturmiljø» i tillegg til ras- og skredfare. I eit mindre parti langs begge delar av elva Vivippo har arealføremål «spreidd næringsbebyggelse». Slik vi forstår det er dette knytt til eksisterande småkraftverket Kinnali Kraft AS. Naturprega og skogkledde delar av Ullensvang skytebane med arealføremål idrettsanlegg, er også innafor dette tilbodsområdet for vern. Det er ingen kraftlinjemaster eller andre større tekniske inngrep innafor verneframlegget.
Nasjonale naturverdiar
Furuskogen representerer ein høgdegradient frå lågland til fjell, der naturreservatet vil få direkte kontakt med Hardangervidda nasjonalpark i søraust. Området har blitt kartlagt og vurdert som svært verneverdig i fleire omgangar, blant anna ved barskogverneplanen i 2001, og sist i 2022 som ein del av dette frivillig skogvernarbeidet.
Området er som heilskap dominert av gammal furuskog, men har stor variasjon i eksposisjon og småskalatopografi, og har dermed òg svært variert vegetasjon. I hovudsak er det snakk om ein gammal, kompakt og virkesrik furuskog, med bra innslag av boreale lauvtre som bjørk, osp og dels rogn. I tillegg veks alm, gråor, hassel, eik, hegg, alm, lind og selje. I høgareliggande område er skogen urskogsnær og har lang kontinuitet. Det vart i 1986 målt alder (trebor) på furu som i dag vil vere 470 år (Moe 2001). Osp er også til stades som eigne, gamle suksesjonar. Både blåbærskog og røsslyngskog er representert, men viktigare for naturmangfaldet er nokså store område med småbregneskog og mindre parti med lågurtskog, ofte med spreidde høgstaudar. Denne naturtypen, lågurt- kalkfuruskog er nasjonalt raudlista. På meir skrinne og tørre parti, finn ein lavfuruskog som er ein austleg skogtype.
Den gamle furuskogen innafor området vert vurdert til å ha viktig funksjon for vedbuande sopp og insekt. Liggande, død lauvved er utbreidd, dels i grove dimensjonar, og av furu er det meir spreidde førekomstar av gadd, læger og høgstubbar. I eit om lag 100 dekar stort område mellom Branden og Orreleikane, er det yngre skog etter ein skogbrann på 1960-talet.
Artsfunn under kartleggingane er med og understøttar kvalitetane i dette naturprega skogområdet. Det er særleg gunstig at lågareliggande produktiv furuskog langs elva Vivippo er inkludert i verneframlegget. I tillegg vil verneframlegget sikra ein fin gradient av svært viktig skog frå lågland på 60 moh. til fjellprega skog opp mot 600 moh.
Samanhengande område og økologiske nettverk
Vern av Husedalen gjer at det vil vere samanhengande vern av svært viktig skognatur frå lågland i Kinsarvik ved Hardangerfjorden, til furuskogen endar mot fjellet inne i Hardangervidda nasjonalpark. Vernet vil doble sikring av naturskog i dalføret. Det vil seie at populasjonar av artar, og alle naturtypar, vert meir robuste til å stå i mot påverknad utanfrå i tillegg til klimaendringar.
Vernet vil dekke manglar i skogvernet
Vern av området vil bidra til å dekke manglar i skogvernet innan kalk - og lågurtfuruskog, rik edellauvskog, lågurtedellauvskog og gamal furuskog (urskognær). Verneframlegget er innafor sørboreal og mellomboreal vegetasjonssone.
Kvifor vern av skog?
Artsdatabanken, den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei truga raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar. Inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Å ta vare på mest mogleg intakte skogområde er blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på vestlandsnaturen for framtida.
Mål om 10 prosent vern av skogen i Vestland
Det er eit nasjonalt mål å redusere tap av naturmangfald, og som eit ledd i dette har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med berre drygt 3,4 prosent av skogen verna, er vi enno langt unna dette målet i Vestland. Frivillig skogvern har fått ei styrka økonomisk ramme i 2026 og ordninga vil vere viktig for å sikra viktig skognatur i åra som kjem. Dette er eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette. Ved vernevedtak har grunneigarane akseptert det økonomiske tilbodet frå staten.
Kva betyr det at eit område vert verna?
For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep.
Kinnalii Kraft AS fekk i 1995 konsesjon til småkraftverk i elva Vivippo. Både inntak og sjølve kraftverket ligg utafor verneframlegget. Vernet vil såleis ikkje få følgjer for vedteken drift av småkraftverket.
Ved Husemoen er det ein skytebane. Dette anlegget, inkludert nedslagsfelt til skytebanen ligg utanfor verneforslaget, og vil ikkje bli påverka av vernet. Delar av omkringliggande areal er inkludert i reguleringsplan som skytebane. Dette arealet er naturprega, og er tilbydt verna frå skogeigar og er inkludert i dette verneframlegget. Så vidt vi kjenner til fungerer dette arealet mest som buffersone til skytebanen. Såleis vil det å la området står urørt, og inkludere arealet i verneområde, ikkje vere unaturleg. Vi ønskjer gjerne innspel frå Ullensvang kommune på dette.
Etter vernevedtak for Husedalen naturreservat, vil grunneigar framleis ha rett til jakt, fangst og fiske, og ålmenta vil framleis kunne plukke matsopp og bær. Dronningstien gjennom Husedalen vil ligge nedafor verneområdet. Turstiar som går gjennom verneområdet vil kunne haldast ved like, det vil også gjelde skogsveg som går inn i verneområdet. I høyringa som er neste steg i verneprosessen, vil vi presentere forslag til verneforskrift for Husedalen naturreservat.
Innspel og vidare framdrift
Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og tema kan verta så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil Statsforvaltaren sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring. Då vil også verneforskrift vere inkludert.
Du kan også sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no. Vi har også ei eiga temaside om frivillig skogvern med generell informasjon om ordninga.
Frist for å kome med innspel er 12. april
I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.
- Høyringsfrist:
- 12. april 2026 23:00