Søknad om løyve etter forureiningslova til overflatebehandling - Gunnebo Anja AS

Høyringsfrist:
20. september 2025 23:59

Gunnebo Anja AS søkjer om løyve etter forureiningslova til overflatebehandling inkludert varmforsinking. Søknaden inneber ingen endring i aktiviteten til verksemda.

Publisert 20.08.2025

Verksemder som driv med varmforsinking må ha løyve etter forureiningslova § 11. Gunnebo Anja har ikkje slikt løyve i dag og vi har difor bedt Gunnebo Anja om å sende søknad om utsleppsløyve til oss.

Gunnebo Anja har i søknaden ikkje søkt om endringar i drifta i høve til tidlegare. Det at verksemda no skal regulerast med utsleppsløyve, inneber såleis ingen forventa endringar i miljøpåverknad frå verksemda. Sidan verksemda ikkje har vore regulert med løyve tidlegare, legg vi saka likevel ut på høyring slik at aktuelle interessentar får høve til å uttale seg om saka.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende på e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller per post til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2019/11460. Frist for å gje fråsegn er 20. september 2025.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

Høyringsfrist:
20. september 2025 23:59