Søknad om løyve anleggsarbeid i sjø - Bergen kommune ombygging Garnes avløpsreinseanlegg Bergen kommune
- Høyringsfrist:
- 26. mai 2025 23:00
Bergen kommune skal byggje om avlaupsreinseanlegget på Garnes i Arna. For å leggje ny utslippsleidning må det sprengast grøft i sjø ei berensa lengd frå strandsone ut til minus 5 meter.
Cowi har i vedlagte søknad beskrive arbeidet, risikovurdert anleggsarbeidet ut frå kjende marine naturtypar som kan bli påverka av anleggsarbeidet. I tillegg har dei foreslått avbøtande tiltak for å redusere fare for forureining til eit akseptabelt nivå.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2025/4813. Frist for å gje fråsegn er 26. mai 2025.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 26. mai 2025 23:00
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35