Høyring av frivillig skogvern på Bermålsnosi (Bermål) naturreservat i Lærdal

Høyringsfrist:
10. juli 2024 23:59
eit større fridd furutre i ein skog
Kvifor vrir nokre tre seg rundt seg sjølve? Jo eldre eit tre blir, jo meir kan det gje seg utslag i ein slik spiralforma vekst. Dei fleste vrir seg mot høgre, og det viser seg at tre som veks i spiralform ofte toler meir vêr, vind og snøfall enn rette tre. Difor finn vi ofte meir vridde tre i vêrutsette område. Foto: Biofokus.

Som ein del av arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet i Vestland fylke sender vi ut framlegg til frivillig skogvern av Bermålsnosi naturreservat i Lærdal kommune på høyring. Området vart omtalt som Bermål naturreservat i oppstarten. Du er velkommen til å sende innspel innan 10. juli 2024.

Publisert 06.05.2024

Det føreslegne naturreservatet Bermålsnosi er lokalisert på gards- og bruksnummer 46/1 og 47/1 i Lærdal kommune. Arealet vi foreslår til vern har ein storleik på 5412 dekar, talet er justert ned 8 dekar sidan oppstartsmeldinga. Det har kome mindre justeringar i arealet etter oppstartsmeldinga til fjells i grenseområdet mellom Lærdal og Årdal kommunar, og det føreslegne naturreservatet føl kommunegrensene opp frå fjorden. Av dette er kring 5223 dekar skogdekt, og om lag 4511 dekar er produktiv skog.

Arealet er eigd av private grunneigarar som har signert tilbod om vern av eigedom som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern.

Bakgrunn for skogvernet i Noreg

Gjennom behandlinga av stortingsmeldinga Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald (Meld. St. 14 (2015-2016)) vedtok Stortinget ei opptrapping av skogvernet i Noreg til 10 prosent av skogarealet. Per januar 2024 var omlag 5,3 prosent av skogarealet og ca. 4 prosent av den produktive skogen verna i Noreg. Vi har verna 3,3 prosent av skogen i Vestland. I stortingsmeldinga vert auka skogvern framheva for å ha stor positiv effekt på trua artar i skog. Dette skal skje ved vern av offentleg eigd skog og ved frivillig vern av privateigd skog.

Frivillig vern inneber at skogeigarane tilbyr staten vern av eigen skog. Det er eit nasjonalt miljømål at eit representativt utval av naturtypane i skog blir verna for kommande generasjonar. Vern av skog er også viktig for å nå mange andre miljømål vedtekne av Stortinget.

Artsdatabanken, som er den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei trua raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar, og fysiske inngrep som fylgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Derfor er det å ta vare på levestadane til artsmangfald i skog blant det viktigaste tiltaket vi kan gjere for å sikre vestlandsnaturen for framtida.

nærbilete av brent treverk med ein lav som veks på sota område
Dette er truleg lys brannstubbelav, ein art som er observert i kandidatområdet i Lærdal. Den veks på brent furuved der den etablerer seg. Det var ein større brann i området for nokre tiår sidan, noko ein ser att på ein del av dei større bartrea. Foto: AT Skog v/ Vebjørn Enerstvedt.

Det er AT Skog som har framforhandla vernet på vegner av grunneigarane i kandidatområdet, og som ser til at interessene til grunneigarane blir ivaretekne.

Gamle og store tre, sjeldne artar og truga naturtypar

Bermålsnosi ligg i ei nord- og vestvendt, bratt liside langs ein gradient frå fjord til fjell på sørsida av Sognefjorden, i Lærdal kommune. Området vi foreslår til vern grensar mot Årdal kommune. Vi jobbar parallelt med ei utviding av Kvitingsmorki naturreservat, slik at det vil grense mot Bermålsnosi naturreservat og slik danne ei lengre og samanhengjande liside med verdifull skog langs Sognefjorden.

Skogen i det føreslegne verneområdet er i hovudsak dominert av furu, med bjørk og også storvaksne ospetre. Ein finn også parti med meir varmekjær vegetasjon som hassel og gråor. I nordlege delar med rikare mark førekjem den raudlista naturtypen kalk- og lågurtfuruskog (VU). Kartleggingsarealet inkluderer også bjørk og rogn i rasmarkskog, med stadvis store mengde død ved av bjørk. Det er også død ved i store dimensjonar etter m.a. skogbrann, der m.a. signalarten pusledraugmose, som utelukkande finst på dødved, er registrert. Furutre med alder på 350 år er registrert.

Det er stor variasjon i vegetasjonen og naturtypar knytt til ulike høgdelag, og med påverknad som ras, brann og snøskred dannar dette mange habitat. Bermålsnosi dekker fire ulike vegetasjonssoner, der både mellomboreal, nordboreal, sørboreal og boreonemoral sone inngår i ein gradient frå fjord til fjell. Av åtte raudlista artar registrert i området er seks nær truga og ein sterkt truga (ask).

Området oppfyller manglar i skogvernet knytt til bonitet, truga artar, raudlista naturtype i form av kalk- og lågurtfuruskog, og andre mangelnaturtypar som kalkbjørkeskog, gråor-heggeskog av lisidetype og gamal lauvblandingsskog. Kandidatområdet er delvis lågareliggjande. Etter kartlegginga har vi fått knytt Bermålsnosi med området i aust, der vi er i gang med utviding av Kvitingsmorki naturreservat. Saman vil Kvitingsmorki og Bermålsnosi langs denne lisida kunne utgjere eit verdifullt og samanhengjande område med viktig skog i indre Sogn.

ein topp mot himmelen med furuskog nedanfor
Fjelltoppen Bermålsnosi er eit markant massiv langs sørsida av Sognefjorden. Her kan ein sjå fjelltoppen frå stien til Morki i Kvitingsmorki naturreservat. Språkrådet tilrår å gje verneområdet namn etter fjelltoppen. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Heimelsgrunnlag og konsekvensar av vernet

Vern av spesielle område eller førekomstar skjer i medhald av naturmangfaldlova jf. §§ 33-51. I naturmangfaldlova er det gjeve heimel for vedtak av ulike vernekategoriar. For å ta vare på dei sårbare og store naturkvalitetane i området er det nødvendig med ei verneform som sikrar området mot inngrep.

Vernekategorien naturreservat i § 37 er det strengaste vernet etter naturmangfaldlova, vurderer vi er mest aktuelt for Bermålsnosi. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep.

Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt og fiske og ålmenta generelt for sanking av sopp og bær. Ein skal også kunne halde eksisterande turstiar ved like. Omtale av brukarinteresser og innspel til oppstartsmeldinga kan du finne i høyringsdokumentet til høgre. Du kan også lese framlegg til verneforskrift og kart med føreslegne grenser. 

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Etter at innspel på denne høyringa føreligg, vil vi vurdere innspela og ta endeleg stilling i vår tilråding av vern vi sender til Miljødirektoratet.

Det er mogleg å sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved Miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no

Vi har også ei eiga temaside med lenkje her om frivillig skogvern med generell informasjon om ordninga. 

Frist for å kome med innspel er 10. juli 2024.

I adresselista i høyringsbrevet har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom du finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.