Høyring av Frønningen naturreservat etter prosedyra for frivillig skogvern

Høyringsfrist:
1. juni 2024 23:59
vatn framfor ei skogkledd li under eit fjell med nysnø
Frønningen er eit stort og samanhengjande område med gamal skog. Området ligg på eit platå over Sognefjorden og grenser til verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Foto: Vilhelm Rumohr.

Som ein del av arbeidet med å ta vare på verdifull norsk natur for framtida sender vi forslag om vern av Frønningen naturreservat i Lærdal kommune på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 1. juni 2024.

Publisert 21.03.2024

Det føreslegne naturreservatet på Frønningen er lokalisert på gards- og bruksnummer 129/1 i Lærdal kommune. Det samla arealet vi foreslår til vern har ein storleik på 17 283 dekar, og 7200 dekar er registrert som skogdekt. Arealet er eigd av ein privat grunneigar som har signert tilbod om vern av eigedom som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern.

utsyn frå høgt punkt utover skogslandskap
Det har aldri vore meldt oppstart av eit frivillig skogvernområde i Vestland så stort som Frønningen. Arealet er over 17 kvadratkilometer og grensar til både verdsarv og eksisterande verneområde. VI vurderer kandidatområdet til å ha nasjonal verneverdi. Foto: Rådgivende biologer v/Conrad Blanck.

Frønningen grensar til UNESCO sin verdsarv

Tettstaden Frønningen er ei grend med mellom 6 og 12 innbyggjarar, avhengig av sesong. Bygda ligg på sørsida av Sognefjorden. Kandidatområdet for skogvern ligg høgare i terrenget, på eit platå, og den nordlege delen av det føreslegne verneområdet strekk seg ned mot fjorden. For å kome til Frønningen tek ein ferje eller båt frå Kaupanger.

Rundt kandidatområdet, langs dei eksisterande verneområdegrensene, ligg verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Bleia-Storebotn landskapsvernområde startar eit stykke over tregrensa, og i utgangspunktet skal frivillig skogvern dekke skogkledde areal. Gjennom forhandlingar mellom Norskog og staten har vi likevel kunne trekke grensa for kandidatområdet opp til grensa for landskapsvernområdet, slik at det blir eit samanhengande område med vern tilgrensande verdsarven på fleire sider. Ein større del av kandidatområdet for frivillig skogvern er difor, i tilfellet Frønningen, utan skogdekning.

Bakgrunn for skogvernet i Noreg

Gjennom behandlinga av stortingsmeldinga Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald (Meld. St. 14 (2015-2016)) vedtok Stortinget ei opptrapping av skogvernet i Noreg til 10 prosent av skogarealet. Per januar 2024 var omlag 5,3 prosent av skogarealet og ca. 4 prosent av den produktive skogen verna i Noreg. Vi har i dag verna 3,3 prosent av skogen i Vestland.

I stortingsmeldinga vert auka skogvern framheva for å ha stor positiv effekt på trua artar i skog. Dette skal skje ved vern av offentleg eigd skog og ved frivillig vern av privateigd skog. Frivillig vern inneber at skogeigarane tilbyr staten vern av eigen skog. Det er eit nasjonalt miljømål at eit representativt utval av naturtypane i skog blir verna for kommande generasjonar. Vern av skog er også viktig for å nå mange andre miljømål vedtekne av Stortinget. Årets statsbudsjett syner ei historisk høg satsing på skogvern i Noreg. 

Fururot med svarte felt og bærlyng ved foten
Furu toler påverknad frå brann betre enn dei fleste andre treslag, og på Frønningen kan vi sjå spor etter tidlegare tiders skogbrannar. Barken på furu vernar treet mot varmen og flammane, og høge tre med tjukk bark lever vidare i brannråka område. Tre med brannspor er levestad for spesialiserte insekt og lavartar. Foto: Statsforvaltaren v/ Maria Knagenhjelm.

Frivillig skogvern sikrar artar og naturtypar for framtidige generasjonar

Artsdatabanken, som er den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei trua raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar, og fysiske inngrep som fylgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Derfor er det å ta vare på levestadane til artsmangfald i skog blant det viktigaste tiltaket vi kan gjere for å sikre vestlandsnaturen for framtida.

Det er Norskog som har framforhandla vernet på vegner av grunneigar i kandidatområdet Frønningen, og som ser til at interessene til grunneigar blir ivareteke.

liggjande daudt, krokete furutre i grøn lyng
Tilbodsområdet for frivillig skogvern på Frønningen husar daud ved i alle nedbrytingsfasar. Data frå NTNU dokumenterer at enkelttre starta å spire allereie på 1100-talet, om lag den tida då Urnes stavkyrkje vart bygd og slaget på Fimreite avgjorde kongemakta. Foto: Statsforvaltaren v/ Maria Knagenhjelm.

Verneverdiar i og rundt Frønningen naturreservat

Området er uvanleg stort i skogvernsamanheng. Lokaliteten ligg tilgrensande eksisterande verneområde og har gjennomgåande god tilstand med god kontinuitet med død ved. Det er registrert eit par raudlista artar, blanknål og rustdoggnål, med status som nær truga. Det er potensiale for fleire raudlista knappenålslav og kontinuitetskrevjande sopp tilknytt daud ved og gamal barskog.

Den dominerande naturtypen i tilbodsområdet er gamal barskog, i utforming gamal furuskog. Furu dominerer, men det er også innslag av bjørk. Langs bekkane er det noko rikare vegetasjon med til dømes gråor og karplanteflora som fugletelg og hengjeveng. Vegetasjonen vekslar mellom blåbærskog, bærlyngskog og lavskog. Skogen er dominert av storvaksne, grove furutre, og det er gjennomgåande mykje daud ved i alle nedbrytingsstadium. 

Vi fann brannspor på dei eldste keloelementa (også kalt sølvfuruer) i området vi foreslår til vern. I dei høgareliggjande partia finn vi spesielt gamle furuer, og jamfør dentrokronologiske data innsamla av NTNU har enkelttre vore i vekst allereie på 1100-talet, samstundes som då Urnes stavkyrkje vart bygd. Rapporten frå NTNU er tilgjengeleg i oppstartsmeldinga. Også bjørketrea syner høg alder. Naturtypeavgrensinga er vurdert til å ha A-verdi, som tilsvarar nasjonal verdi. Vi vurderer Frønningen som verneverdig. 

Meir om verneverdiane kan du lese i høyringsdokumentet i høgrefana. 

store tre med litt disig luft og en kvinne som står på bakken og undersøker stammen
Store, intakte skogområde med høg alder og store tre gjev livsgrunnlag for sjeldne, truga og sårbare artar. Jo større tre, jo betre plass til ulike nisjer og artar som trivst der. Storleik er også ein viktig kvalitet i verneområde fordi store område dekker fleire nisjer og er meir robuste for omkringsliggjande endringar enn små område. Foto: Statsforvaltaren v/ Maria Knagenhjelm.

Konsekvensar av vernet for brukarane av området

For å ta vare på dei sårbare og store naturkvalitetane i området er det nødvendig med ei verneform som sikrar området mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep. Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt og fiske og ålmenta generelt for sanking av sopp og bær. Ein skal også kunne halde eksisterande turstiar ved like. Du kan lese meir om brukarinteresser i høyringsdokumentet i høgrefana. 

Til oppstartsmeldinga fekk vi inn seks innspel. Disse er omtalt og svart ut i høyringsdokumentet. Vi er spesielt interessert i å få innspel om forvaltningsstyresmakt i høyringsperioden. 

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på det frivillige skogvernet på Frønningen slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Etter at innspel på denne høyringa føreligg, vil vi vurdere innspela og ta endeleg stilling i vår tilråding av vern til Miljødirektoratet. 

Meir informasjon om naturkvalitetane, kartavgrensing og verneforskrift finn du i høgrefana. Det er mogleg å sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved Miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no

Vi har også ei eiga temaside med lenkje her om frivillig skogvern med generell informasjon om ordninga. 

Frist for å kome med innspel er 1. juni 2024

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.