Framlegg til vern av nasjonalt viktig natur i sørvestre Bømlo

Høyringsfrist:
15. juni 2024 23:59
Det meste av arealet innafor framlegget består av trua naturtypar som her frå Sætradalen. På bilete ser ein mosaikk av kystlynghei, strandeng og rikmyr. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©.

Vi melder oppstart av vern av Roaldsfjorden, Vikaneset, Gissøyane, Nordøyane og Holsøyane. Området er blant det mest verdifulle kystlandskapa i Vestland. Frist for uttale er 15. juni 2024.

Publisert 06.05.2024

Nasjonalt oppdrag

Verneframlegget er ein del av det nasjonale oppdraget «Bevaring av verdifull natur» som omfattar oppretting av tre nye nasjonalparkar og 22 mindre område i Vestland.

Eitt av desse områda er sørvestre delar av Bømlo. Det samla arealet er på om lag 26 800 dekar, derav om lag 8 750 dekar landareal og 18 050 dekar sjøareal. I dag utgjer verna areal etter naturmangfaldlova i Bømlo på 5,5 prosent. Med dette kandidatområdet vert det totale verna arealet i Bømlo på 9 prosent om vi ser på landarealet og 16,4 prosent inkludert sjø. Det er frå før seks sjøfuglreservat med eit samla areal på drygt 500 dekar innafor delområdet Nordøayne og Holsøyane. I dette framlegget vert desse føreslått innlemma i det nye verneområdet.

Føremålet med vern av området vil vere å ta vare på trua, sjeldan og sårbar natur ved etablering av naturreservat, jf. naturmangfaldlova § 37 a.

Sjå kartskisser, bilete og omtale av kandidatområda

Trua og sårbar natur

Dette området er blant dei mest verdifulle kystlandskapa i Vestland. Dette både med tanke på at mykje av området er i aktiv bruk med beiting og lyngbrenning i dag, og fordi det har ein spesiell geologi som gjev eit svært stort og rikt artsmangfald knytt til den kalkrike berggrunnen. Den særprega geologien er også uttrykt ved at tre lokalitetar innafor Unesco Geopark Sunnhordland ligg innafor verneframlegget.

I tillegg til nasjonalt viktige naturkvalitetar, er området svært viktig i kulturminnesamanheng og for friluftslivet i Bømlo. Eit vern av dette området vil gjere det lettare for forvaltinga å støtte opp om tradisjonell landbruksdrift av areala, gjere tiltak for å fjerne framande treslag (sitkagran m.m.) og legge til rette for naturvenleg friluftsliv dersom det er ønskjeleg.

Totalt 117 naturtypelokalitetar fordelt på 13 ulike naturtypar er registrert på land og på øyane innafor området. Det er naturførekomstar som sist er dokumentert gjennom kartlegging i regi av Miljødirektoratet. I tillegg vart det gjennomført ei mindre supplerande kartlegging etter same metode i Nordøyane og Holsøyane i 2023 som ein del av dette vernearbeidet. Oppdrag for kartlegging i Nordøyane og Holsøyane vart gitt Miljøfagleg Utredning AS etter nasjonal rammeavtale for naturfaglege utgreiingar. Store delar av areala utgjer ulike former for trua naturtypar.

Det er frå før seks sjøfuglreservat innafor verneframlegget i Nordøyane og Holsøyane. Sjøareala inngår i avgrensinga fordi det er ein viktig habitatkvalitet for sjøfugl. Fleire marine naturtypar er registrert deriblant store lokalitetar med stortare som er vekta til nasjonal verdi. Særleg aktuelle sjøfuglar er toppskarv, storskarv (NT), teist (NT), svartbak, gråmåke (VU) og tjeld (NT). Øyane har også viktig funksjon som rasteområde under trekktid for fugl. Området inngår også i det viktigaste myteområdet for ærfuglhannar i Vestland med førekomst på inntil 9000 individ årleg.

Toppskarv. Nordøyane og Holsøyane er viktig funksjonsområde både toppskarv og storskarv. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©.

Lite verna frå før

Alle dei omtalte trua naturtypane ovanfor har dårleg vernedekning i Vestland og Norge generelt. Såleis vil dette vernet treffa godt ved å ta vare på trua natur i lågland langs kysten som er hovudføremålet med dette oppdraget.

Naturkrise også i Vestland

Globalt, så vel som lokalt i Vestland står vi over for ei naturkrise like alvorleg som klimakrisa. Tap av natur til utbygging er den viktigaste enkeltårsaka. Temaet har mellom anna blitt godt illustrert gjennom ulike medieoppslag dei siste månadane. Miljødirektoratet la nyleg også fram ein rapport som viser at tapet av villmarksprega natur er dobla. Frå tap av 117 kvadratkilometer i perioden 2013-2017 til 241 kvadratkilometer i 2018-2022. Områdevern sikrar at viktig natur ikkje blir øydelagt, og er difor eit av våre viktigaste verktøy for å nå nasjonale miljømål og i møte med naturkrisa.

Dette verneoppdraget skal bidra til å dekke manglane i eksisterande verneplanar. Ved å ta godt vare på naturen i desse områda, kan dette bidra til at vi når dei nasjonale måla om bevaring av eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar og om å ta vare på trua artar og naturtypar.

Vern av skog

Det er mindre areal med skog sentralt i det avgrensa området. Skog er ein arealtype som er i særstilling og der alt vern skjer etter ordninga frivillig skogvern. Det gjer at vern av skog i samband med dette oppdraget også skal vere frivillig. Eigar kan takke nei til vern av skogarealet seinare i prosessen om ein ønskjer det, då vil skogarealet ikkje bli tatt med i vidare arbeid. Vi er i dialog med skogeigarforeiningane AT Skog og Norskog, og kjem til å ta direkte kontakt med aktuelle grunneigarar om dette.

Fjørekoll og strandsmelle i Holsøyane og Siggjo i bakgrunnen. Naturbeitemarkene på Holsholmane skil seg frå andre ved at dei har innslag av strandengartar som toler saltvatn. Vegetasjonen på Eggvær er i tillegg så sterkt prega av fuglegjødsel at lokaliteten kan minne om naturtypen fuglefjelleng. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©.

Planstatus

I gjeldande kommunedelplanen sin arealdel (KPA) har storparten av arealet på land føremålet landbruk-, natur-, og friluftsføremål samt reindrift (LNFR).
To område med avsett føremål til akvakultur kjem delvis innafor det føreslegne verneområdet. I tillegg til eit mindre område sentralt i Nordøyane som ikkje har blitt tatt i bruk.

Det er vidare satt av tre område til råstoffutvinning (opptak av skjelsand) innafor verneframlegget; to i Nordøayne og eitt i Holsøyane. Slik vi forstår det er berre eit av desse områda framleis drivverdig, men konsesesjon for drift er endå ikkje blitt forlenga av fylkeskommunen som har myndigheiten etter akutelt regelverk.

I gjeldande KPA er det avsett omsynssone for bevaring naturmiljø på Vikaneset der kulturlandskapet med kystlynghei og rikmyr er framheva. Kring Nordøyane er det avsatt omssynssone bevaring naturmiljø med vekt på viltområde, rikt strandberg og marine naturtypar, og elles bandleggingsområde kring dei eksisterande sjøfuglreservata.

Omsynssone bevaring kulturmiljø er gitt Roaldsfjorden for verdifullt kulturlandskap. Heilt sør i verneframlegget ved Eidesvatnet er det også satt av omsynssone for drikkevasskjelde og settefiskanlegget i Eidesvika.

Dialog om kandidatområda

Statsforvaltaren i Vestland arrangerte eit felles informasjonsmøte med alle kommunane som husar kandidatområde for vern den 28. april 2023. Vi sendte brev til alle grunneigarane 13. juni 2023 med informasjon om oppdraget og arrangerte informasjonsmøte 16. august 2023 på Langevåg Bygdatun. Sakshandsamar frå Statsforvaltaren var også og informerte om oppdraget til Utval for natur, klima og miljø 1. juni 2023. Vi har etter desse møta ikkje fått spørsmål, innspel eller andre henvendelsar til arbeidet.

Med bakgrunn desse møtepunkta, og dialogen vi har hatt med Bømlo kommune og Miljødirektoratet, vurderer vi det som klart for formell oppstart av vernearbeid for området.

Bømlo tur- og sogelag har etablert fleire fine turstiar i området. Eit av turmåla er lykta Dyrneset. Bruk og vedlikehald av turstiane vil kunne fortsetje som før ved eit vern. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©.

Konsekvensar ved vern

Føremålet med vernet vil vere å ta vare på dei viktige naturkvalitetane. Det vil seie at det ikkje vil vere mogleg med ny utbygging eller aktivitetar på land eller i sjø som kan skade verneverdiane innafor området.

Eit vern vil gje forvaltinga betre moglegheiter til å støtta opp om tradisjonell landbruksdrift som lyngbrenning og beiting i området, noko som også mykje av artsmangfaldet her er avhengige av. Særleg beitemarksoppane er artar som over svært lang tid er tilpassa moderat beitetrykk og næringstilgang, og vil såleis ikkje overleve ved tilførsle av kunstgjødsel eller gylle. Derfor bør det vere eit forbod mot slik bruk i området, noko som heller ikkje blir brukt i området i dag.

Både bestandane av sjøfugl og dei marine pattedyra er svært utsette for bifangst i fiskegarn og ruser. Derfor føreslår vi forbod mot garnfiske og fiske med ruse innafor området Nordøyane og Holsøyane. Redusert sjanse for dødelegheit av enkeltindivid vil betra kvaliteten på området for fugl og sjøpattedyr. Vidare vurderer vi på generelt grunnlag at fiske med garn/ruser i dei væreharde områda Nordøyane og Holsøyane, gjev større sjanse for tap av reiskap og påfølgjande spøkelsesfiske.

Store delar av verneframlegget i sjø inngår som referanseområde i høve til taretråling etter forskrift om hausting av tare i Rogaland og Vestland. Referanseområdet dekker ikkje sørlege delar av Nordøyane. Såleis er det drygt 5000 dekar som er utafor referanseområdet som vil bli omfatta av forbod i verneframlegget. Det vil likevel vere att betydelege sjøareal som er tilgjengelege for taretråling i Bømlo og nabokommunar.

Vernereglar for dei eksisterande sjøfuglreservata vert vidareført i verneforskrifta for desse seks øyane, men ikkje for resten av øyane. Desse sjøfuglreservata har ferdsleforbod i hekketida 15. april til og med 31. juli med forbod mot ilandsstiging og ferdsle på holmar og skjer i ei sone på 50 m frå land. Reglane for jakt, fangst og bruk av skytevåpen med forbod i perioden 1. april til og med 9. september vert føreslått vidareført for heile delområdet Nordøyane og Holsøyane, men ikkje ferdslerestriksjonane.

Bømlo tur- og sogelag har opparbeidd eit fint stinett innafor det føreslegne naturreservatet. Eksisterande stiar og merking av desse vil kunne forsetje som før vernet. Dersom det er ønskje om å etablera nye stiar innafor området ønskjer vi at det vert avklart gjennom nærare dialog med forvaltingsstyresmakta.

Andre aktivitetar vil vi kunne gje løyve til etter nærare dialog med søkjar, så lenge det ikkje vil kunne gå ut over verneverdiane i området. Det kan til dømes vere tiltak knytt til kulturminne eller andre føremål som ikkje er kjent i dag.

Havørna er for lengst godt reetablert i Bømlo etter den nasjonale fredinga i 1968. Men det det er ikkje mange tiåra sidan arten også var utrydda her. Vern om enkeltområde og artar nyttar! Ved å ta vare på dette området gjennom vern ønskjer vi gjennom samarbeid med grunneigarar, kommunen og andre å styrka levekåra for det rike artsmangfaldet her. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©.

Erstatning

Grunneigarar og rettshavarar har rett til erstatning frå staten for økonomisk tap når eit vern medfører ei vanskeliggjering av igangverande bruk etter naturmangfaldlova § 50. Grunneigar vil ha ein frist på fire månader etter vernevedtaket til å fremje skriftleg krav om erstatning til Miljødirektoratet jf naturmangfaldlova § 51. Då er det Miljødirektoratet som har ansvaret for å sørgje for at det vert gjort erstatningsvurdering for grunneigar.

Vidare prosess

Etter fristen vil vi gå gjennom alle innkomne innspel etter oppstartsmeldinga. Då vil vi også vurdere om det er trong for korrigering eller presisering i verneframlegget med bakgrunn i innspela. Neste etappe i verneprosessen vil vere høyring. Då vil vi presentere eit oppdatert verneforslag som også inkluderer utkast til vernereglar og oppdatert vernekart.

Det er mange stadnamn som fell innafor kandidatområdet, og vi har ikkje klart å finne eit kort namn som er dekkande. Vi ønskjer derfor gjerne innspel på kva namn det føreslegne naturreservatet skal få. Førebels brukar vi arbeidstittel «Sørvestre Bømlo naturreservat».

Frist for uttale er 15. juni 2024

Frist for å koma med uttale til denne oppstartsmeldinga er 15. juni 2024. Det vil også vere høve for å kome med uttale etter høyringa seinare i verneprosessen. Du kan sende uttale digitalt til postmottaket vårt på adressa: sfvlpost@statsforvalteren.no

Dersom det er ytterlegare spørsmål kan ein ta direkte kontakt med sakshandsamarane direkte på e-post eller telefon. 

Delar av adresselista til dette brevet er henta ut frå eigedomsregisteret. Dersom de finn feil eller manglar ved adresselista sett vi stor pris på å få attendemelding om det.