Søknad om utfylling i sjø for utviding landareal 154/4 Elsåkervågen i Tysnes kommune

Høyringsfrist:
26. april 2024 23:00
Planlagd utfylling er vist med lilla farge, Kjelde Kystinfo med reguleringsplan inntegna

Alsaker Brygge AS planlegg utfylling i sjø ved eigedom 154/4 på Onarheim i Tysnes kommune og har søkt om løyve etter forureiningslova for gjennomføring av anleggsarbeida.

Publisert 20.03.2024

Tiltaket er ifølgje søknaden i samsvar med gjeldande reguleringsplan for området. Planlagd oppstart for utfylling er i mai 2024, og ein forventar at det vil vere ferdigstilt i april 2025.

Det skal fyllast ut om lag 55 000 m3 steinmassar som er sprengt ut lokalt, og dei skal fyllast ut frå land over ei sjøbunn på om lag 6 900 m2. Elektronisk tennsystem skal nyttast ved sprenging av fjell på land, og det skal ikkje utførast undervannssprenging.

Djupne for utfyllinga går ned til minus 25 meter. Arbeida skal utførast utanom gytesesongen for kysttorsk (februar til ut april), og med bruk av siltgardin.

Resipientanalyse AS har tatt prøver frå tre prøvestasjonar av sjøsedimenta innanfor og like utanfor planlagt sjøfylling, og sjøbunnen er lite forureina. To av tre prøver er ikkje forureina, medan éin prøve har nokre PAH-komponentar i tilstandsklasse 3 og 4.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2024/2380. Frist for å gje fråsegn er 26. april 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

Høyringsfrist:
26. april 2024 23:00