Renevo AS søkjer om endringar i løyvet til drift av biogassanlegg på Stord

Høyringsfrist:
19. april 2024

Dei søkjer om auke i årleg substratmengde frå 22 000 tonn til 55 000 tonn og bruk av fleire substrat enn det som ligg inne i eksisterande løyve. Høyringsfristen er 19. april 2024. 

Publisert 12.03.2024

Bakgrunn

Renevo AS hadde oppstart av biogassanlegget tidleg i 2022, men med den teknologien som då blei valgt oppnådde ein ikkje produksjon av biogass i store nok mengder til at det var lønsamt. Eksisterande produksjon er difor stengd ned. Renevo AS har etablert eit prosjekt for å bygge om biogassproduksjonen på anlegget. Renevo AS vil i ombygginga gå vekk frå reaktorteknologien som har vore brukt hittil. Verksemda vil gå over til tradisjonell løysing med utråtning av substrat gjennom tre trinn, i biogasstankar av ulik storleik.

Biogassanlegget søkjer om å handtere fleire ulike substrat og doble mengda

Renevo AS sitt biogassanlegg på Eldøyane i Stord kommune søkjer Statsforvaltaren i Vestland om auke i årleg substratmengde frå 22 000 tonn til 55 000 tonn og bruk av fleire substrat enn det som ligg inne i eksisterande løyve.

Søknaden gjeld behandling av inntil 27 000 tonn husdyrgjødsel, 6490 tonn fiskeslam, 7700 tonn fiskeensilasje, 120 tonn kaffepellets, 1650 tonn kraftfor og 12 100 tonn matavfall.   

Bruk av bioresten 

I søknaden skisserer Renevo AS at bioresten skal brukast lokalt i landbruket som gjødsel, og at det også skal utviklast produkt av bioresten som kan brukast andre stader i landet. 

Luktreinsing

Renevo AS planlegg å reinse lukta som vil oppstå i anlegget gjennom fleire luktreinsetrinn. Det er lagt eit ekstra fokus på luktreinsing av lukt frå mottakstank for fiskeensilasje. Det er planlagt at avtrekk frå denne tanken skal bli ført til eit filter med termisk oksidasjon som brenn av gassane. Deretter skal lufta gå vidare til vidare reinsing saman med dei andre luftstraumane.

Det er planlagt at luftstraumar frå tankar med husdyrgjødsel, fiskeslam mv. skal ha ei forbehandling i eit mineralsk forfilter, deretter til samlekasse og biofilter. Det er planlagt at reinsa luft skal førast ut i ein 12,5 meter høg skorstein.

Det er gjennomført ei luktspreiingsanalyse. Den finn ein i søknaden som ligg vedlagt.

For å dokumentere reinsinga av luftstraumane planlegg Renevo AS å måle på fleire luktindikatorgassar etter dei ulike reinsetrinna, i tillegg til å gjennomføre luktmålingar med luktpanel.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2019/4744. Frist for å gje fråsegn er 19. april 2024.  

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.